Mæl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Mæl.
Foto: Ukjend / "Norske næringsliv" skannet side nr. 927. nb.no
Nasjonalbiblioteket

Mæl ligg ved Tinnsjø i Tinn kommune i Telemark og er infallsporten til Vestfjorddalen og Rjukan som ligg 15 kilometer lengre vest. Her ligg Mæl stasjon som er Rjukanbanens endestasjon og utgangspunkt for jernbaneferjene som gjeng over Tinnsjø til Tinnoset, Tinnsjø kro & Camping, ei småbåthavn for båteigarar med båtar som gjeng på Tinnsjø, og Haugefossen.

Då Rjukanbanen opna i 1909 heitte Mæl stasjon Rollag. Namnet på staden blei endra til Mæl då Rollag stasjon på Numedalsbanen blei oppretta i 1927. Mæl mista postnummeret 3657 i 1991, og blei samstundes ein del av 3658 Miland. Uttalen på stadnamnet er lang "e" som i "Meel" og ikkje "æ" som normaluttale. Namnet kjem frå at staden ligg ved elveutløpet til elva Maana. Opprinneleg er stadnamnet Mæl på andre sida, på Milandsida av elvemunningen, der Mæl kirke ligg.

Mæl er anløpssted for Tinnsjøferjene MF «Storegut» og DF «Ammonia». I sumarhalvåret er desse opne for turar, charterturar og omvisning.

Kjelder


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Mæl» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.