Magnus Orknøyjarl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Glassmaleri av St. Magnus Ornøyjarl i St. Olav domkirke, Oslo.
Foto: Chris Nyborg (2013).

Magnus Orknøyjarl, eigentleg Magnus Erlendsson (født omkr. 1076, død 16. april 1115) var norskætta jarlOrknøyane. Han vart myrda i 1115, og vart kort tid etter rekna som helgen. Magnuskatedralen i Kirkwall er via til St. Magnus Orknøyjarl. Han reknast med bland dei norske helgnane, og St. Magnus kyrkjeLillestrøm er òg via til han.

Liv og virke

Plakett i Magnuskatedralen i Kirkwall som markerer veggen hvor de mulige levningene til St. Magnus, funnet i 1919, er murt inn.
Foto: Stig Rune Pedersen (2019)

Farfaren Torfinn var jarl på Orknøyane, og døydde i 1064. Erlend Torfinsson tok over saman med tvillingbroren Pål Torfinnsson, og dei styrte saman i ei fredelig tid. Erlend fekk to søner: Erling og Magnus. Han fekk og tre døtrer. Broren Pål hadde sonen Håkon og fleire døtrer.

Då sønene vart vaksne vart det strid mellom dei. Håkon Pålsson vert rekna som den verste urokråka, og han måtte reise frå øyane. Han var ei tid hos Olav Kyrre i Noreg, og reiste så vidare til Sverige. Der skal ein sannsigar ha sagt at Håkon skulle verte einejarl på Orknøyane. Håkon vitja Olav Kyrre sin son Magnus Berrføtt, og egga kongen til å reise vest over have for å hemna farfaren Harald Hardråde, som falt i England i 1066. Samstundes skulle han setje inn Håkon som jarl på Orknøyane. Kongen tok både Pål og Erlend til fange, og sende dei til Noreg. Sigurd Magnusson, seinare kjend som Sigurd Jorsalfare, vart innsett som herskar i vest, berre åtte år gamal. Håkon Pålsson og Erling og Magnus Erlendssøner fekk rang av skutilsveiner, og måtte følgje med kongen.

Dette utløyste ein valdeleg strid mellom Håkon og Erlendssønene om makta på øyane. Magnus Erlendsson tok del i dette, men vart etter ei tid teken til fange av Magnus Berrføtt. Han hadde då byrja å få religiøse funderingar. Magnus Erlendsson vart teken med på hærtokt langs den skotske vestkysten, og nekta då å forlate skipet for å slåss med menneske som han ikkje hadde noko uoppgjort med. I staden sat han om bord og las tidebønene og Davidssalmene. Ein dag hoppa han i vatnet og symja inn til land, der han fekk ly hos Edgar den fredsame av Skottland. Han hadde eit djupt religiøst hushald, og Magnus levde der som ein from mann i huset til ein walisisk biskop. I 1105 gifta Magnus seg med ei fornem, ung kvinne. Ho heitte truleg Ingarth, eit namn som tyder på nordisk slekt. Dei avla løfte på at dei skulle leva som bror og søster, eit løfte Magnus skal ha kjempa ein del med i åra etter. Det var ikkje heilt uvanleg i mellomalderen at ein avla slike løfte, og ofte kunne det ende med at dei to gjekk i kvart sitt kloster.

På denne tida var både Pål og Erlend Torfinnssøner døde. Gunhild Erlendsdotter, som var Magnus sin syster, var gift med Koll frå Jæren, som vart lendmann på Orknøyane. Magnus Berrføtt fall i strid mot irane i 1103, og Erling Erlendsson fall i same slaget. Sigurd Magnusson måtte då reise til Noreg for å la seg hylle som konge, og Magnussønene sette inn Håkon Pålsson som jarl på Orknøyane.

Ei tid etter at Magnus Berrføtt var død – truleg etter at han gifta seg i 1105 – reiste Magnus Erlendsson attende til Orknøyane og utfordra Håkon jarl. Han hadde mektige slektningar, og fekk støtte frå bøndene. Håkon ville ikkje dele makta, men venner av dei to fekk han til å gje Magnus sitt arvelodd om dei norske kongane gjekk inn for det. Øystein Magnusson gjorde då Magnus til jarl over halve Orknøyane.

I dei første åra var det fred mellom Magnus og Håkon. Magnus var ein streng, men rettferdig herskar. Bland allmugen hadde han eit særs godt ry. Han stogga storbøndene som framleis drog i viking, og fekk då ein del fiendar. Dei gjekk til Håkon, som styrte meir etter norrøne tradisjonar enn etter kristen sæd. Magnus gav etter, og ifølgje Magnus' saga reiste han ei tid til England der han var hos Henrik I. Han reiste så attende til Orknøyane for å sikre sin halvdel. Også denne gongen klarte vener av dei to å få i stand eit forlik. I langfasten 1115 skulle dei møtast for å gjere ein endeleg overeinskomst. Dei skulle kome med to skip kvar, og hadde avtalt storleiken på følgjet dei kunne ha med seg. Magnus følgde avtalen, men på skjærtorsdag kom Håkon med åtte skip og ein stor hird. Magnus sa til sine menn at dei ikkje skulle kjempe mot overmakta, og dei fleste drog frå Egilsey. Magnus våka i kyrkja den natta, og på morgonen langfredag var han til messe.

Då dei to jarlane møttest sa Magnus at han kunne reise frå øyane til Roma eller Jerusalem, og at han der kunne gjere bot for både sine syndar. Han skulle ikkje kome attende til øyane. Men dette gjekk ikkje Håkon med på. Magnus meinte så at han kunne reise til Skottland og leve i fangenskap der resten av livet, men heller ikkje det var bra nok. Hans siste tilbod var å la seg blinde eller lemleste, så han ikkje lenger ville vere egna som jarl. Alt dette gjorde han for at ikkje Håkon skulle få livet til sin fetter på samvitet. Håkon skal ha gått med på det siste tilbodet, men høvdingane krav at ein av jarlane måtte døy så dei kunne få berre ein herskar på øyane. Håkon ville ikkje døy den dagen, og då måtte han ta livet av Magnus. Merkesmannen Ofeig nekta å drepe Magnus, som knelte og bad. Kokken Lidolv vart utpeika som bøddel, og han drap Magnus med to sverdhogg. Liket vart jordfesta på staden. Det vert sagt at det var ein steinete og mosegrodd stad, men at etter at Magnus var gravlagd der byrja det å spire grad, og det vart til ei vakker eng.

Magnus sin mor, Thora, fekk lov til å flytte liket. Magnus vart då gravlagt i Kristkyrkja i Byrgesherad, no Birsay. Her oppstod eit ry som heilag, og folk søkte til grava for å be om hans forbøn. Ikkje berre orknøyingar kom, men òg folk fra Hjaltland og Skottland. Det skal ha vore fleire mirakel ved grava. Sjølv om drapet på Magnus var politisk motivert, vart han rekna som martyr.

Medan Håkon jarl levde valfarta folk til grava utan å gjere for mykje ut av det. Biskop Vilhelm den gamle meinte et Magnus nok ikkje var ein helgen, men etter å ha ha sett fleire mirakel tillet han helgenkulten. I 1135 fekk han overført relikviane til Olavskyrkja i Kirkevåg, nå Kirkwall.

I Kirkevåg sat Ragnvald Kale Kollson, som var son av Gunhild Erlendsdotter og Koll frå Jæren, og dermed systerson av Magnus. Han kravde onkelen sin del av Orknøyane, og fekk støtte frå kongen. I 1137 byrja Ragnvald og Koll å byggje Magnuskatedralen i Kirkevåg, då biskopen flytta dit. Den sto ferdig først i 1450. I Kirkjuvagr, no Kirkwall, på Færøyane byrja dei òg å byggje ein Magnuskatedral, men den vart aldri ferdig. I London finn ein kyrkja St. Magnus-the-Martyr i City of London.

Det vart i 1919 funne to skjelett i koret i Magnuskatedralen i Kirkwall. Ein trur dette er relikviane etter Magnus og hans nevø Ragnvald, som òg vart rekna som helgen.

primstaven er Magnusmesse merka av 16. april med pil, øks, hakke eller grev. Minnedagen vert markert i katolske kyrkjer i Noreg og i bispedømet Aberdeen. Kulten vart stadfesta den 11. juli 1898 av pave Leo XIII, og med det vart han den einaste av dei norske helgenane som er formelt kanonisert av Vatikanet.

Litteratur