Marnardal historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjelland kyrkje. Historielaget arbeider med lokalhistoria i bygdene Bjelland, Laudal og Øyslebø, som frå 1964 til 2020 utgjorde Marnardal kommune.

Marnardal historielag dekker den tidlegare Marnardal kommune, som i 2020 vart innlemma i Lindesnes kommune. Historielaget vart stifta 21. august 1995 og har sidan 1996 gjeve ut Marnar-minner. Føremålet for laget er «å arbeide for at alt av historisk interesse innan virkeområdet for laget blir tatt vare på og verna om», i tillegg til å «vekke, auke og spreie interesse for og kunnskap om [Marnardals] historie».

Ved oppstarten i 1995 var det 50 hovudmedlemmer og 12 familiemedlemmer. I 2018 hadde historielaget 168 medlemmer.

Hovudaktivitetar

Laget har fire faste samlingar i året: haustmøte, årsmøte på nyåret, kulturkveld på vårparten og turverksemd på sommaren. På møta er det foredrag/kåseri om eit aktuelt tema, song/musikk av lokale kor eller frå kulturskolen, av og til film/video med høveleg tema, opplesing, framsyning av sjeldne gjenstandar frå det kommunale museet. Styret, redaksjonen og eigne valde komitear har møte etter behov.

Kulturkvelden har vore eit spesielt innslag i arbeidsprogrammet. I 2002 byrja laget å samarbeide med Marnardal kommune, som delte ut det årlege, kommunale stipendet og den kommunale kulturprisen på kulturkvelden.

Sommarturen går anten til fots i lokalmiljøet eller er ein tur på hjul i eit vidare område, og det er støtt innslag med eitkvart historisk.

I samarbeid med Marnardal kommune er det samla inn tusentals bilete frå gardar i bygda. Arbeide blei utført av 4-5 frivillige fotografar/innsamlarar. Leiaren for prosjektet, Historiske foto – Marnardal, fekk noko kommunal godtgjersle. Bileta er digitaliserte og finst på Digitalt museum.

Publikasjonar

Årsskriftet heiter Marnar-minner og er kome ut kvart år sidan 1996. Heftet har om lag 100 sider og opplag ca. 500. Kvart medlem får eitt gratis eksemplar, andre lyt kjøpe det. Innhaldet i skriftet er kortare og lengre artiklar med emne frå bygdene i Marnardal, forfatta av lagsmedlemmer og andre utanfrå. Mange foto illustrerer tekstane.

I året 2003 var Det offentlege helsestellet i Norge 400 år. Helselaga i Laudal, Øyslebø og Bjelland, hhv. 100 år, 90 år og 80 år omkring tusenårsskiftet. Då gav laget ut eit jubileumsskrift som fekk tittelen Offentleg teneste og bygdedugnad for helse og hugnad. Skriftet blei presentert på ein gjæv jubileumsfest på Øyslebø den hausten. Skriftet kan lesast her: Digital versjonNettbiblioteket.

Leiarar

  • John Lauvdal 1995-2000
  • Magne Haraldstad 2000-2003
  • Bjørg Kristiansen 2003-2007
  • Randi Rødland 2007-2008
  • Erik Bue 2008-2011
  • Odd Rolf Roland, 2011-2013
  • Astri Skuland 2013-2016
  • Siss June Ågedal 2016-

Andre sentrale personar

Ragnar Fidjestøl, Ånund Haugland, Elisabeth Haaland, Svein Arild Strædet, Stig Skjævesland, John Hjemlestad, Gunnar Skaar og Kari Glomså.

Kjelder og litteratur

  • Opplysninger fra historielaget (Landslaget for lokalhistories lagsundersøkelse 2019).

Eksterne lenkjer