Namnegard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2016 kl. 17:19 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Namnegard er nemninga busetnads- og agrarhistorikarar nyttar på ei primær busetnadseining nemnt med eitt og same namn, t.d. Berg, Kolstad, Hoset, Pålsrud o.l. Viss garden Bø var delt i Nørstebø og Sønstebø før Svartedauden, reknar ein med to høgmellomalderske namnegardar. Mange namnegardar er gjennom tida oppdelt i to eller fleire gardsbruk, som er vanleg nemning på ei driftseining som ein familie har budd på og drive, evt. ved hjelp av tenestfolk i periodar (Sandnes / Salvesen 1978: 30).

Først på 1700-talet fekk dei driftseiningane (bruka) som da var etablerte kvart sitt nummer i matrikkelen på ein nokså tilfeldig måte (Holmsen 1979: 182ff). Dermed kunne ein namnegard som tidlegare var oppdelt i fleire bruk bli til fleire matrikkelgardar.

Litteratur

  • Holmsen, Andreas 1979: Gård, skatt og matrikkel. Universitetsforlaget.
  • Sandnes, Jørn og Helge Salvesen 1978: Ødegårdstid i Norge. Det nordiske ødegårdsprosjekts norske undersøkelser. Universitetsforlaget.