Olav Øygard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fotograf ukjent.

Olav Øygard (fødd i Skjåk 15. januar 1885, død i 1960) var gardbrukar, hotelleigar og politikar i Skjåk. Han var ordførar for Arbeiderdemokratene/Radikale Folkeparti i Skjåk i to valperiodar i mellomkrigstida. Øygard var også ein habil lyrikar med publiserte einskilddikt i ulike blad, årbøker osv. Bureisarhyllesten «Me bryt og me plantar» er med i Mads Bergs songbok for folkeskulen. Han var særs ivrig i historielags- og anna kulturarbeid.

Familie, oppvekst og skulegang

Olav Øygard var fødd på Grimstadøygarden i Nordberg i Skjåk, eldste sonen til gardbrukarparet Erik Olsen Grimstadøygard og Oline Johannesdotter Pladsen. Olav hadde ein yngre bror, Johannes, som døydde ung, og ikkje fleire sysken.

Etter folkeskulen gjekk han eittårig framhaldskule i Skjåk, der han hadde norskdoms- og fråhaldsaktivisten Lars Hørven som lærar. I eit minneord over Hørven i Årbok for Gudbrandsdalen 1950 skildrar Øygard kor stor innverknad læraren hadde på sin elev: «Eg var så heppen at eg fekk Hørven til lærar på framhaldskulen, og eg har ofte undrast på kva slag ufryske det ville vorte av meg um eg ikkje hadde vorte påverka av honom.» Øygard gjekk sidan eit år på folkehøgskulen i Volda, visstnok mot foreldra sin vilje.

Olav Øygard gifta seg i 1917 med Torø Olsdotter Mork. Dei fekk fire døtrer, fødde i tidsrommet 1918-1928.

Yrkesliv

Øygard tok over garden etter foreldra i 1913, og overlet sjølv garden til dottera Olaug i 1941. Han var likevel aktiv i gardsdrifta i mange år etter det. I perioden 1932-1941 dreiv han turiststaden Pollfoss i Skjåk ved sida av gardsbruket.

Politikar og ordførar

Øygard var sterkt samfunnsengasjert, og markerte seg lokalt som politikar for Arbeidardemokratane/Radikale folkeparti. Han var med i styret for det nyskipa venstre- og arbeidardemokratlag i Nordberg, og vald til formann der fyrste gong i 1915.[1] Han kom fyrste gongen med i heradstyret i 1917. Han var ordførar i bygda i valbolkane 1923-1925 og 1929-1931, båe gongane avløyst av Ola F. Gjeilo frå Bondepartiet.

I 1931 vart han vald til formann i Nord-Gudbrandsdal radikale folkeparti,[2] og ved stortingsvalet i 1936 står han på lista til Det radikale folkeparti for Oppland.[3]

Ålmenningspolitikk

Øygard var styremedlem i Skjåk Almenning 1915-1919, 1927-1931 og 1954-1958. I dei to siste periodane var han også styreleiar. Perioden 1927-1931 var samanfallande med tidsrommet han var ordførar.

Alle periodane han var med i styret trefte til å vere viktige omstillings- og stridsperiodar i ålmenninga. Han kom inn fyrste gongen som følgje av at det såkalla Brandsar-styret var kasta, etter at det hadde innsnevra praksisen med å gje rabatt på materialar til bygdefolk også utanom dei med gardsbruk og dermed bruksrett. Folk som sokna til Radikale folkeparti, så som Øygard, stod i spissen for opposisjonen mot Brandsar-styret.

Den andre styreperioden vart ei særs viktig omstillingsperiode for ålmenninga. Med bygging av nytt sagbruk ved Skamsarforssen og høvleri i Bismo, vart drifta og omsetnaden mykje lagt om frå sal av rundtømmer til foredla trelast. I 1930 var det streik ved det nye sagbruket. Øygard stod som styreformann midt i striden, og han og styret følgde ei nokså uforsonleg linje overfor dei streikande. I leiinga for streiken stod Ole O. Langleite, også han medlem i kommunestyret, og få år seinare den fyrste arbeidarordføraren i bygda.

I den siste perioden som Olav Øygard sat i ålmenningsstyret i 1950-åra, dukka ironisk nok opp det same kontroverset som i den fyrste 40 år tidlegare, nemleg spørsmålet om rabatt til bygdefolk utan ålmenningsrett. Da vart Øygard og hans meiningsfeller i styret stemna for retten av 101 gardbrukarar med eigedoms- og bruksrett nettopp for å ha praktisert slik rabattsal. Saksøkjarane fekk medhald i heradsretten, men trekte kravet om erstatningsansvar for styret da lagmannsretten stadfesta dommen.

Anna samfunns- og kulturengasjement

I tillegg til kommunepolitikken og ålmenningsstyret hadde Øygard mange andre tillitsverv og ombod i bygda, mellom anna i forliksrådet, i Skjåk fellessalg og anna. Han var også i ei tid leiar i Skjåk historielag og skreiv gjennom åra ein god del lokalhistorie, mellom anna ei rekkje artiklar og fleire dikt i Årbok for Gudbrandsdalen.

Referansar

  1. Protokoll for Nordberget Vinstrelag, utdrag i kopi i bygdebokarkivet.
  2. Gudbrandsdølen 30.7.1931
  3. NOS IX 107. Stortingsvalget 1936 side 45.

Kjelder og litteratur

  • Munnlege opplysningar frå Anna Nordmo, Sarpsborg
  • 75-års omtale i Gudbrandsdølen 14.1.1960 (usignert)
  • Bruheim, Mathias: Skjåk Almenning 1798-1948, Skjåk 1969
  • Hosar, Hans P.: «Klasse, grend, kjønn? Danning av delkulturar blant bygdefolket i Skjåk 1800-1940», i Bygdesamfunnet - en sammensatt helhet, NLI, Oslo 1991
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, bd. 3, Skjåk 1998.
  • Norske gardsbruk. Oppland VI, red. S.K.Granum og O.Tovmo, Forlaget S.K.Granum, Noresund 1998
  • Skjåk 1966, utgjeven i høve kommunejubileet 1966
  • Ættebok for Skjåk II side 32