Ole Anderson Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Ole Anderson Åsen (fødd kring 1716, død 23. oktober 1789) var klokkar og gardbrukar frå Åsen i Jostedalen. Han var son av gardbrukar og lensmann Anders Olson Åsen.

Strid om giftarmålet

Ole A. Åsen gifte seg 12. april 1746 med Marta Olsdotter frå Grov, dotter av klokkar Ole Knutson Grov. Giftarmålet kom i stand etter ein lang og kvass strid med sokneprest Matthias Foss som vart til ein stor strid mellom soknepresten og dei leiande bondeslektene i Jostedalen.

Ole Åsen vart i juli 1738 dømd til to års festningsarbeid for [[Leksikon:Leiermål|legemål] i ulovleg ledd (tremenning) med Ragnhild Olsdotter Øyen. Domen var ikkje sona då klokkardottera Marta vart gravid med Ole i 1744, som han òg var i ulovleg ledd med (tremenning). Ole Åsen budde no på Grov, og klokkar Ole Grov nekta å fylgje sokneprestens ordre om å hive han ut.

Saka løyste seg for Ole Åsen og Marta Grov ved to kongebrev 9.10.1744. I det eine vart Ole Åsen benåda for festningsdomen mot at mora Anna Åsen betalte 8-10 rdl til dei fattige i Jostedalen. I det andre fekk han løyve til å gifte seg med slektningen Marta. Det tok likevel tid før alt ordna seg, og legemålssaka mot Ole og Marta og soknepresten sine reaksjonar mot dei og klokkar Ole Grov spela ei sentral rolle i stridane mellom sokneprest Foss og jostdølene i åra 1744-46.[1]

Klokkar

Klokkar Ole Grov hadde i 1741 tenkt at sonen Otto skulle overta klokkarembetet, men hausten 1746 peika han på Ole Åsen som hadde vorte svigerson på våren same året. I oktober 1746 sa Ole Grov opp klokkar- og skulemeisterembetet og bad om at Ole Åsen vart utnemnd. Ole var då soldat ved kompaniet til kaptein Hirsch, og prosten hadde overhøyrt kandidaten og "befundet [han] nogenledis beqvem i læsning og skrifning". Dermed vart han "beskikket ad interim" av prosten fram til han kunne få resolusjon eller konstitusjon av biskopen til embetet. Eit vilkår var òg at Ole kom seg fri frå soldattenesta.[2]

Klokkarutnemninga av Ole Åsen kan ikkje ha gått i orden, for Ole Grov er framleis nemnd som klokkar i 1749, og då er det igjen meininga av sonen Otto skal overta. Ole Åsen vart neppe utnemnd til embetet før september 1751. Den eldste bevarte kyrkjeboka går fram til då, og her er ingen spor etter noko klokkarbyte.

Sikkert er det at Ole Åsen var klokkar i mars 1754. Då vart han nemnd som klokkar i skiftet etter svigerfaren Ole Grov.[3]

Jon Laberg skriv at Ole sin bror Henrik er nemnd som klokkar i 1760, "truleg millombels" (sjå Henrik Anderson Kreken). Ei anna kjelde, sjeleregisteret frå 1759-60, nemner likevel Ole Åsen som klokkar.[4]

To av sønene til Ole og Marta Åsen vart seinare klokkarar.

Kyrkjeeigar

Ole A. Åsen vart den fyrste gardbrukaren og klokkaren som vart eigar av Jostedal kyrkje då han i 1751 kjøpte kyrkja saman John Erikson Nedrelid og broren Henrik Anderson Kreken. Dei selde kyrkja ved skøyte dagsett 19. juli 1762 til Otto Olson Grov,[5] som var verbror til Ole A. Åsen.

Gardbrukar i Åsen

Ole tok over heimebruket kring 1747 og fekk bygselsbrev på garden av godseigar Christopher Munthe 13. mars 1754. Han vart 10. januar 1771 den fyrste sjølveigaren i Åsen.

Ole og Marta Åsen overlet i 1777 garden til dottera Anna og versonen Erik Anderson Åsen, som i 1785 vart medeigar i Jostedal kyrkje.

Born

Ole og Martha fekk sju born, mellom anna:

Notar

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Ole Knutson Grov 
Klokkarar i Jostedalen
(Ca 17521776)
Etterfølgjar:
 Anders Olson