Per Davidson Forsmoen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Per Davidson Forsmoen eller Per Davesa, Peder Davidsen (fødd ca. 1695, død 26. mars 1777) var ein bonde og bygdediktar frå Elsfjord.

Liv

Per Davesa, som namnet hans vart uttalt på ranværingsmål, var fødd på Raudberget i Rana som son av David Person. Omkring 1695 flytta David Person heilt sør i Rana, til det som i dag er Elsfjord sokn i Vefsn kommune, der han rydda garden som i matrikkelen fekk namnet Forsmoen, men som på folkemunne ikkje har hatt anna namn enn Davemoen, etter rydningsmannen.[1] Ein reknar med at David Person hadde med seg kona da han flytta, og at Per vart fødd om lag på same tida. Men Per Davidson er ikkje nemd i manntalet frå 1701, så dette er usikkert.[2] Når ein meiner han var fødd i 1695, er det fordi han skulle vere 82 år då han døydde.[3]

Som ung vaksen var Per Davesa dreng i Raudberget før han i 1727 vart gift med Gjertrud Kristoffersdotter fra Drevvassbukta ved Drevvatnet og flytta heim til Davemoen der han sidan arbeidde som bonde. Ein meiner Per og Gjertrud fekk fire barn i lag.

Blant dei mange helgelandske bygdediktarane som imiterte stilen til Petter Dass, er Per Davesa rekna blant dei fremste. Han hadde lite bokleg lærdom, men han må ha kunna lese og skrive. Bøker kan han ha lånt i prestegarden, spesielt skal han ha hatt god kontakt med Peder Krag Hind, som var sokneprest i Hemnes frå 1756-1775.

Dikting

Diktinga til Per Davesa er i all hovudsak av religiøs karakter, metta med referansar til Bibelen. Berre eit fåtal av visene hans er trykte, nokre skal finnast i avskrifter. Samling av diktinga hans vert vanskeliggjort ved at viser dikta av andre bygdediktarar kan vere trykte med "Peder Davidsøn" som forfatter, sidan han hadde eit kjent namn som selde godt. Eit karakteristisk døme på diktinga hans er den såkalla «Langviso»,som skal ha hatt 122 vers. Teksten vart første gong trykt i Bergen i 1808 utan opplysning om forfattarnamn, under tittelen «En Læg Mands Betænkning over Verdens Forfængelighed og Menneskets Møisommelighed i dette Livs usle Vilkaar». Første verse lyder:

I Verden er en møisom Gang
Igjennom Tornehaven.
Vor Vei er sandfuld, tung og trang
Fra Moders Liv til Graven.
Fra Barneprat til Svøbeklud
Indtil at Aanden gives ud
Er idel «Ak» og Jammersang
Og sorig Suk og Slaven.

Sjølvom det meste av den kjende diktinga til Per Davesa med våre augo framstår som tungsindig, skal han også ha dikta skjemteviser. Den såkalla «Tjyvvisa» er av mange tillagd Per Davesa. Visa handlar om eit par uheldige innbrotstjuvar som vert overraska av kona på garden, må kaste tjuvgodset ut or vindauga og tar beina fatt for å komme unna. Ivar Aasen omtaler visa slik:[4] Fra Helgeland, har man en lang Vise, kaldet Tyvevisen,som skal have været trykt, men hvoraf jeg kun har seet en Afskrift. Sproget i denne er en Blanding af Landsmaal og Skriftsprog med mange pudseerlige Udtryk. Den handler om et Tyve-Selskab i Ranen og fortæller Tyvenes Samtaler, Skjenderier og øvrige Bedrifter med en gruelig Vidtløftighed. Imidlertid ere enkelte Vers meget kvikke, deriblandt det 38te, som lyder saaledes:

«Var deg, du vaaga som Kraaka.
Skund deg aa hør kor di staaka.
Kaana gaar i Fjøs’e mæ ljøs’e.
Hanen gjæl og gnell,
Hunden gjøyr aa gjell,
Døra brest aa smell.
Skund deg; vil du ha dæ, saa ta’ dæ.
Glas’e faar mest ligg’ der vi la’ dæ.»

Som vi ser, er visa inspirert av «Dalevisa» til Petter Dass.

Kjende Davesa-dikt

  • «O, kristen Sjæl som Guds Aand giver sitt Vidne om dit Sangerpund» («Songarvisa», skal ha over 100 vers)
  • «I Verden er en møisom Gang igjennom Tornehaven» («Langviso»)
  • «Folk av Ranens Menigheder»
  • «Rans Indbygger, ung og gammel»
  • «Her er Guds Tolk og Sædemand»
  • «I Verden er ingen Bestandighed Sted» (Ved barnet Anna Kristine Luktvasslis død)
  • «Grantræets Hylen over Cedertræets Fald» (Sak. 11,2)[5]. (Ved lærar Sigvards Kildals død)
  • «En arm Synders vemodige Klagemaal»
  • «Vise om Linefiskeriet»
  • «Tjyvvisa»
  • «Mærravisa»

Kjelder

  • Petter Solvang: «Per Davesa» i Årbok for Helgeland 1989
  • Hans Nerhus: Per Davesa Norsk bygdekunstlag, Oslo 1947
  • Bodø Domkor: Op, op I skal utsjunge (FXCD 107 1991)

Referansar


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Per Davidson Forsmoen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.