Pyttbua

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Utsyn over Puttbudalen og Pyttbua i 2005.

Pyttbua er ei sjølvbetjent turisthytte tilhøyrande Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST). Hytta var opphavleg ei arbeidsbrakke som ÅST kjøpte av Tafjord Kraft i 1925. Brakka vart transportert frå Tafjorden til Åndalsnes og derfrå med tog til Stuguflotten. Frå der overtok Ola K. Brøste transporten innover Brøstdalen og Puttbudalen på vinterføre. Han hadde hestar som var vande til å gå med trugar og trekke tunge lass.

Pyttbua vart så sett opp på 1161 m.o.h. i Hånådalsbotnen mellom høge fjell: Karitinden (1982), Puttegga (1999, høgaste fjellet i Møre og Romsdal), Høgstolen (1955) og Høgbøra (1912). Ho var den første hytta til ÅST. Pyttbua vart ombygd i 1959 og fekk da auka sengetalet frå 12 til 18. I 1970 vart ho påbygd med ein ny fløy med kjellar under og fekk da 32 sengeplassar.

I 1986 vart det bygd ei sikringshytte nokre meter unna hovudhytta. Den hytta hadde da 10 sengeplassar samt 5 på hemsen. I 1996 vart det gjennomført ei betydeleg restaurering av hovudhytta. Ho fekk nye vindauge, ny bordkleding og nytt tak. På slutten av 1990-talet var Pyttbua den mest besøkte sjølvbetjeningshytta til turistforeininga med over 2000 overnattingar enkelte år.

På 2000-talet var den gamle stallen, som berre stod som ein steinmur utan tak ombygd til hundehus med tre sengeplassar og to hundebur.

I 2012 har Pyttbua medrekna sikringshytta og hundehuset til saman 51 sengeplassar.

Kjelder

Koordinater: 62.2127528° N 7.7985861° Ø