Råsegl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åfjordsbåten «Skaarungen» med symmetrisk råsegl og toppsegl.
Foto: Commonsbrukaren Dovendjur (2007).
Geitbåtfæringen «Glomstadgeita» med asymmetrisk råsegl (lårsegl).
Foto: Olve Utne (2007).

Råsegl eller skværsegl er den eldste segltypen vi kjenner. Det er firkanta, og heng frå ei rå som er heist opp i masta.

Råseglet kan vere symmetrisk eller asymmetrisk. På dei symmetriske segla står råa vassrett, og dei to sidene er like. For å fange vinden svingar ein seglet rundt masta, så dei to sidene bytter på å vere forkant og bakkant, og halsane skifter på å vere framhals og bakhals. For å styre seglet er det festa skaut til å trekke bakover og framskaut til å trekke framover. På eit asymmetrisk råsegl, også kalla lårsegl, er dei to sidene berre forkant eller berre bakkant, og det har alltid same framhals og bakhals. Difor er det òg berre skaut på bakhalsen og berre framskaut på framhalsen. Symmetrisk råsegl var mellom anna vanleg på skip frå vikingtida og på seinare tradisjonsbåtar frå dei fleste delar av landet, medan asymmetrisk råsegl har vore nytte mest i Nordfjord og på Møre.

På større båtar kan det vere eit toppsegl over råseglet.

Sjå òg

Litteratur