Romsdals amt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grensestein mellom Nordre Bergenhus og Romsdals amt.
Foto: Arnfinn Kjelland (2010).

Romsdals amt vart oppretta i 1662 som underliggjande amt til Trondhjems stiftamt. Amtet var opprinneleg samansett av dei to futedøma Nordmørs fogderi, som før hadde ligge under Trondheims len og Romsdals fogderi, som var den direkte vidareføringa av Romsdals len.

I tida frå 1671 til 1675 låg òg Sunnmørs fogderi under Romsdals Amt; men frå 1675 til 1678 var Sunnmørs fogderi og Nordfjords fogderi eige amt under amtmann Christian Lindenow. Sunnmøre og Nordfjord vart innlemma direkte i Bergenhus Stiftsamt frå 1679, og i 1689 vart Sunnmørs fogderi lagt permanent under Romsdals amt, men framleis tilhørande Bergenhus Stiftsamt.

Amtet var administrert frå Molde, der dei fleste amtmennene òg var busette. I 1919 skifta amtet namn; først til Møre fylke, og seinare att til Møre og Romsdal fylke.

Amtmenn

Lenkjer


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Romsdals amt» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.