Røykjenessteinen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 12:05 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Røykjenessteinen (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)

Røykjenessteinen står på ein mogleg gamal kyrkjestad på Vik i Fyresdal kommune.

Fleire skriftlege kjelder frå 1800 og 1900 talet nemner ei kyrkje på Røykjenes under det bratte Vikfjellet på vestsida av Fyresvatn. På det flate området her meinte ein å kunne påvise tomta etter kyrkja, og framleis stod ein høg stein som ein meinte hadde runeinnskrift. Denne steinen har ein eit foto av frå 1910, og den står framleis på sin plass.

På s. 28 i Fyresdal Historie 1912, (fyrste utgåve ferdig 25 år tidlegare), skriv J. L. Quisling:

”Ret overfor kirkebygden paa den vestre side av vandet ligger det før nævnte Vikfjeld, 841 m. eller omkring 2700 fot høit. Over en flat furemo langs stranden, hvor efter et sagn kirken oprindelig skal ha staat, og hvis gamle tomt man endnu mener at kunde paavise, løfter Vikfjeld sig brat og blaat i veiret med frodig løvskog, deriblandt en mængde hassel, et godt stykke opover i fjeldsiden.”

Runesteinen på Røykjenes i 1910 (Foto: Bendik Taraldlien, 1910)

På s. 93 skriv han:

”Der er sagn om, at den ældste kirke i Moland stod paa den anden side av Fyresvandet, en fjerdingvei tvert overfor prestegaarden, paa en flat mo indenfor Røykjenes og like under det høie Vikfjeld, og man paaviser der endnu kirkens oprindelige tomt, hvorpaa er opreist en 3-4 alen høi, lang og smal sten med runeindskrift. (Sml. Kraft. III s. 379.)

” Men rysen i Vikfjeld, som forstyrredes i sin ro av kirkeklokkerne, kunde ikke utholde at ha den saa like i nærheten av sig, og en nat flyttet han den over vandet og satte den ned paa Moland, hvor kirken altid siden har hatt sin plads. W. H. Buch har i sin tidligere omtalte ”Maidagen paa fjeldet”, som han kalder en ”sagnidyl”, ogsaa poetisert denne begivenhet. Her skal anføres nogle vers, mest for kuriositetens skyld:

Nylig viet tempel kneiste
midt i Vikfjelds granelund;
fjeldets ryse lange blund
avbrød og med gru sig reiste.

osv.

Det er maaske ikke usandsynlig, at mens rysen i Vikfjeld, der ufortjent fik skylden, fremdeles laa i sin ”lange blund”, har presten paa Moland avbrutt sin og sagt: ”Op, I svende griber an! Natten gunstig er vor plan”. Og de ”dverge”, den ”tussemagt”, de ”mørkets trælle”, som rustet sig og under seiersskrik førte kirken ind paa ”modvendt strand”, har visselig ingen andre været end Torgeir aa Vætonne, Orm i Saalustova, Sigurd i Munkehus, Ulv aa Bergved og Torgils aa Sitjum, eller hvad de ”bygdarer” het, som saaledes ved et listig fif fik den paabegyndte kirke over til sig, men vikmændene, fardølerne og borggrændingerne, til held ikke for sig, ”lysets englevakt”, men til held for ”tusserne”,

drømte trygt paa seidmørk kyst, indtil solen fik belyst templets underfulle flytten.”


Dette er ein sandmo, og spor av kyrkje og kyrkjegard vert fort skipla med åra. Når kyrkjestaden i tilfelle gjekk ut av bruk veit ein ikkje, men ein har her den tradisjonelle segna om flytting: Risen i Vikfjellet orka altså ikkje lyden av kyrkjeklokkene og ei natt flytta han kyrkja over til andre sida av vatnet der Moland kyrkje nå er. Dette kan heller ha vore ein kamp mellom mektige bønder slik J. L. Qvisling skriv. Dette er skildra i Moland - presten W. H. Buch sitt verk ”Maidagen paa fjeldet”, som han kalder en ”sagnidyl”.

Wilhelm Henrik Buch var sokneprest i Fyresdal 1826 – 1834 og var ein kjend ”leilighetsdikter” og skreiv mellom anna ”Maidagen paa fjeldet, en sagnidyl.” medan han var i Fyresdal.

I ”Norske Gaardnavne” 1914 ved O. Rygh står det under ”Nedlagte Kirker” på s. 400: ”?. I Vikelien under Vik (GN. 20) i Moland S., vestenfor Fyresvandet, sees efter Kraft III S. 379 Spor til Ruiner af en Kirkebygning, som skal have staaet der i Fortiden.” (Men Vik Gnr. 20 ligg vest for Nesvatn, medan Vik Gnr. 2 ligg vest for Fyresvatn. Her er kome inn noko som ikkje stemmer, dette er seinare oppklara som ei mistyding av kjelda Kraft.)

Bendik Taraldlien skriv i ”Fyresdal” 1910 s. 50: ”Like ned fyre det høge bratte Vikfjell ut mot Fyresvatten er Røykjenes. I ei segn heiter det at her skal fraa fyst av den gamle Molands kjørkje ha stae. Her stænd ein høg stein og tuftir synest enno.”

Fiskeretten utanfor Røykjenes har frå eldgamal tid høyrt til Moland gard (Fyresdal prestegard).”: J. L. Qvisling skriv: Fiskeriet utenfor den gamle kirkemo eller paa Røykjenesgrundene tilhører fra eldgammel tid Molands prestebol, hvorved muligens riktigheten av sagnet bekræftes, forsaavidt nemlig som Røykjenes derav ses at have været i en slags forbindelse med prestegaarden.”

Kjelder og litteratur

  • Kraft, Jens: Topografisk - Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge af Jens Kraft:
    • Tredie Deel: Anden omarbeidede Udgave. Christianssand 1838
    • Tredje Deels første Hefte. Anden omarbeidede Udgave. Christiania 1837
  • Kraft, Jens: Historisk - topografisk Haandbog over Kongeriget Norge Udarbeidet af Jens Kraft 1845-1848 Christiania.
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals Historie. 1912. Ny utgåve 2001.
  • Rygh, O.: Norske gaardnavne, syvende bind, Bratsberg Amt, bearbeidet af A. Kjær, W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal 1910.
  • «Kyrkja på Røykjeneset.» s. 59 i Sjå deg attyvi, Fyresdal sogelag 1990. Her er og diktet til W. H. Buch.

Ekstern lenke