Sålåsundet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sålåsundet sett fra Tustna mot Stabblandet.
Foto: Olve Utne (2007)

Sålåsundet (óg Solåsundet, Soleimsundet og Solemsundet) er namnet på sundet mellom øyene Tustna i vest og Stabblandet og Solskjelsøya i aust i Aure kommuneNordmøre. Det går frå Edøyfjorden i nord til Vinjefjorden i sør, og ligg i ei geologisk renne som fortset i Skålvikfjorden i Halsa. Eldre skrivemåtar er i Solæyasundi (1342), Saalesundet (1779)[1] og Sollesundet (1817). Namnet kjem truleg av protosamisk */so:lɔ:j-/ (jf. namneforma Solæy- frå 1342), som tyder 'øy-'.

Langs sundet finn ein gardane Hals, Innersetra og Storsetra på Tustna og Innerberg og Fjelnesdalen på Stabblandet. Sålåsundet blir òg omtala som ei bygd med desse gardane. Poststaden var 6591 Indresæter og skulekretsen var Hals. Lenger ut i sundet finn vi Baggan, Gullstein og Kalvika på Tustna; Stabben og Soleim på Stabblandet; og Solskjelsøydegarden og Solskjel på Solskjelsøya.

Fotnotar

  1. J.C. Richelieu: «Carte Over Nordmøres Provſtie eller Fogderie beſtaaende af 7 Præſtegield [...]». Wesdalen den 4de December 1770.

Kjelder

Koordinater: 63.186663° N 8.177426° Ø