Samosa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Samosa-kiosken som tidlegare låg på Vaterlandsbrua i Oslo.
Foto: Ida Tolgensbakk (2009).

Samōsā (hindī समोसा [sɐ'mo:sɑ:], panjabi ਸਮੋਸਾ [sɐ'mo:sɑ:], marāṭhī सामोसा [sɑ:'mo:sɑ:]) er ein indisk matrett som består av trekanta frityrsteikte porsjonspaiar med grønsaks- eller kjøtfyll, særleg med potet, løk og erter.

Samosaer er oftast sterkt krydra, og ein et gjerne samosaene med chutney eller ketsjup. Retten oppstod truleg i Uttar Pradesh og er no vanleg i India, Pakistan, Burma og nordetter til Uzbekistan. I tillegg kjenner ein han i andre land med indiske eller pakistanske innvandrarmiljø. I samband med det sørasiatiske miljøet Oslo finst det mange gatekjøken og kioskar som sel samosa. Samosa blir i dag mykje nytta som snøggmat eller eit lite mellommåltid.

Retter frå andre mattradisjonar som samosa kan minne om er tyrkisk børek, sefardiske borecas og asjkenazisk knish.

Den fyrste gongen samosa dukkar opp i ei norsk kokebok er i Mat for alle årstider frå 1977. Det er ei bok med stort innslag av utanlandske rettar. Mange av ingrediansane, som ghee (klåra smør), garam masala og mango må ha vore vanskeleg for dei fleste nordmenn å få tak i den gongen. For dette er retten nemnd i nokre bøker, og ikkje minst i Ingrid Espelid Hovig si bok Som ein dråpe i sand : to år i Uganda. Uganda hadde lenge ein stor indisk minoritet, så retten hadde fått fotfeste der. Dermed lærte fjernsynskokken å lage retten medan ho var i landet. Det var òg i 1970-åra at retten truleg fyrste gongen dukka opp på norske menyar. I restauranten Annen EtageHotel Continental i Oslo serverte dei det allereie i 1972.[1]

Referansar

  1. Omtale i Dagbladet. 1972-02-10. Digital versjonNettbiblioteket.

Litteratur og kjelder

Eksterne lenker