Sauherad Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sauherad historielag»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen, som er en kalligrafi av Marie Klever. Motivet er fra sagnet om Sigurd Fåvnesbane.

Sauherad Historielag, stifta 5. oktober 1986, arbeider med lokalhistoria i Sauherad i Midt-Telemark kommune. Laget har gjeve ut Sauherad-kalenderen sidan 2015, i tillegg til anna lokalhistorisk litteratur.

I 2019 hadde laget 96 medlemmar. Gjennom åra har det vore ein jamn auke.

Historikk

Det fyrste styret i historielaget såg slik ut: Arnt Håtveit, leiar, Anne Volltveit Kaasa, nestleiar, Anund Holte, kasserar, Kittil Prestholdt, sekretær, Hans Stenstad, styremedlem, Olav Klever, varamedlem, Hans Myrkås, varamedlem.

Etter dette har historielaget hatt desse leiarane.

  • Arnt Håtveit (1986-??)
  • Olav Klever (??-2004)
  • Bjørn Holta (2004-2012)
  • Eivind Lønheim (2012-dd)

Andre sentrale personar har vore: Johan Ingebretsen, Anne Volltveit, Einar Kleivrud, Kittil Prestholt, Gunhild Haugerud og Ole Thor Ripegutu.

Aktivitetar

Sauherad Historielag var i fleire år med på eit stort prosjekt om kulturminnekartlegging i dåverande Sauherad kommunen. Historielaget var òg «pilot» på prosjektet Kultur- og naturreise i regi av Riksantikvaren og Norsk kulturråd.

Laget har hjulpe kyrkjekontoret med ein verneplan for kyrkjegardane i Sauherad.

Vedtekter

§1: Sauherad Historielag har som føremål å arbeide for interesse og forståing for kommunens historie frå fyrste tid til i dag.
§2: Inntil kultursoga for Sauherad er skriven, vil ein arbeide for eit best mogleg kjeldegrunnlag for denne, primært gjennom munnleg tradisjon.
§3: Alle som vil stø eller arbeide for dette føremålet kan bli medlemer ved å betale årskontingent. Kontingenten blir fastsett av årsmøtet.
§4: Årsmøtet er høgaste organ i laget. Det skal innkallast av styret med minst 14 dagars varsel. På årsmøtet skal styret legge fram revidert rekneskap og årsmelding, likeins arbeidsprogram og budsjett for året som kjem.
§5: Årsmøtet vel kvart år innan utgangen av januar månad eit styre på 5-7 medlemer med 2-4 varamedlemer. Leiaren blir vald særskild av årsmøtet. Årsmøtet vel og 2 revisorar. Styremedlemene blir valde for 2 år om gongen, slik at det på fyrste årsmøtet er 2 styremedlemer på val. Revisorane blir og valde for 2 år om gongen. Styre skal føre protokoll.
§6: Sauherad Historielag skal stå tilslutta Landslaget for lokalhistorie.
§7: Ved lovendring krevst 2/3 fleirtal, elles vanleg fleirtal. Dersom styret eller 1/3 av medlemene finn det nødvendig, kan det innkallast til ekstraordinært årsmøte.
§8: Vedtak om oppløysing av laget kan bare bli gjort på årsmøtet og krev 2/3 fleirtal. Ved oppløysing skal lagseigedomen tilfalle kommunen og nyttast i det lokale kulturarbeidet.

Publikasjonar

  • Håtveit, Arnt Edvin: Saude og Nes. Utvandrarar 1843-1914. Pionertid 1843-1865. Utg. Sauherad Historielag. 2000. 136 s. ISBN 82-993412-0-5. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Wahlstrøm, Thorbjørn og Helge Markussen: Til stuls på Sauheradfjella. Utg. Sauherad Historielag. 199 s.

Kjelder

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).
  • Sauherad Historielag si heimeside (nedlagt pr. 2022)

Eksterne lenkjer