Sjur Olson Breum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Sjur Olson Breum (fødd kring 1761, død 18. mai 1833) var frå garden Åsen i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av klokkar og gardbrukar Ole Anderson Åsen og klokkardottera Martha Olsdotter Grov.

Sjur gifte seg 30. mars 1788 med Siri Guttormsdotter (ca 1768-1843) frå Bruheim. Alt 13. oktober 1787 fekk han skøyte på Bruheim hjå Hartvig Kaas Munthe og Frantz Rieck Munthe, arvingane etter Gerhard Munthe. Sjur vart dermed den fyrste sjølveigaren på Bruheim (sjå òg Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800).

Sjur skreiv ut kårbrev til svigerforeldra sine i 1788 og dreiv Bruheim til 1797 då han bytte til seg bruket Øy i Myklemyr. Etter eit makeskifte flytte Sjur og Siri attende til Bruheim i 1805 og vart buande her levetida ut.

Laberg omtalar Sjur Breum som "ein mykje vyrd mann i bygdi". Han var mellom anna den fyrste bonden i dalen som vart forlikskommisær ("fredsmægler").[1] Han var ein av dei tretten underskrivarane på adressa i samband med valet av utsendingar til Riksforsamlinga i 1814, og han var her ein av tre gardbrukarar som skreiv under med eiga hand.[2]

Sjur og Siri fekk 11 born i lag, mellom anna:

  • Martha Sjursdotter (1789-1867), gardbrukarkone på Fræna
  • Kari Sjursdotter (1791-1875), gift med innerst Lars Erikson Åsen
  • Guttorm Sjurson (1793-1869), som fekk ta over heimebruket på Bruheim
  • Ole Sjurson (1798-1846), husmann under Bruheim
  • Anna Sjursdotter (1801-1877), gift (1) med husmann Lars Johannesson under Bruheim, (2) med husmann Otto Johnson på Leitehaugen under Grov
  • Ingeborg Sjursdotter (1804-1840), ugift
  • Anna Sjursdotter (1809-1852), gift med husmann Ole Torbjørnson under Bruheim

Notar

  1. Laberg 1939, s. 23
  2. Val til Riksforsamlinga i Jostedalen (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 281. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne lenkjer