Skjåk Almenning - historisk oversyn: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Den fyrste nyryddinga: rettar lenkje)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 188: Linje 188:




[[Kategori:Allmenninger]]
[[Kategori:Skjåk Almenning]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]
[[Kategori:Skjåk kommune]]


{{F2}}
{{F2}}

Sideversjonen fra 19. jun. 2015 kl. 09:12

Sjå også hovudartikkelen om Skjåk Almenning.

Mal:Thumb høyreSkjåk Almennings historie kan delast inn i fem hovudbolkar:

1. Tida fram til 1726, da kongen selde eigedomen til private. Før 1726 kan ein definere Skjåk-ålmenninga som statsålmenning.

2. Perioden 1726-1798, da eigedomen var privatålmenning ått av enkeltpersonar som dreiv ålmenninga med kommersielt føremål.

3. Tida 1798-1930. Skjåk Almenning vart bygdeålmenning da gardbrukarane i fellesskap kjøpte eigedomen i 1798. Fram til 1930 var lite og ingenting av salshogsten foredla innanbygds. Avhending ut over det som gjekk til bruksretten, galdt mest rundtømmer.

4. Tida 1930-1995. I 1930 sette ålmenninga i gang eit større foredlingsanlegg ved Bismo, med sagbruk og høvleri. Frå da av har foredlinga av tømmeret i all hovudsak foregått der.

5. Året 1995 kan brukast som periodeskilje fordi bruksretts- og eigarinteressene det året kom fram til ei ordning som båe partar har funne seg til rette med. Elles har det både før og etter 1995 gradvis skjedd ei vektforskyving i verksemda frå tømmer og trelast til andre type utmarksnæringar.


Kongens ålmenning til 1726

I 1705 betalte gardbrukaren Kristen Marlo engeskatt for «Jøranstulen» (gnr. 162.1 Jørungstulen) som i skattelista blir sagt å liggje «udi Almindingen».[1] Dette er den tidlegast direkte omtalen av Skjåk-ålmenninga som hittil er registrert i kjeldene.

I matrikkelførearbeidet 1723 er eigedomen omtala slik:

«Nordherredsmarken med derudi beliggende fiskevand, Liavandet kaldet. Beliggende nordenfor Nordherredsbygden begge sider ælvene Aasten og Othen, ungefær 3 mile i længden, i dalene kaldet Aastdalen og Othdalen, i bredden fra fjelde til elven ungefær ½ fjerdings distanse paa hver side. Udi bemeldte almenning findes fornøden hustømmer til den del af prestegjældet som kaldes Nordherred, samt sagtømmer, som falder vanskelig at udvirke, dog af ringe kvalitet, saasom bemeldte skog for en stor del allerede er udhuggen, og har elles sognepresterne udi dette prestegjeld havt deres brug der sammesteds hidtindtil til husfornødenhed. Fiskevandet av ingen importance.»

Året etter dette, i 1724, vart tre gardbrukarar frå Skjåk tekne for det kongen meinte var ulovleg hogst i «kongens alminding paa Langmarken». Det er ingen tvil om at dette viser til Skjåk-ålmenninga. Det må ha dreia seg om tømmerhogst for sal, elles ville neppe kongen ha kunna påtala forholdet. Gardane sin bruksrett var det nok ikkje reist tvil om.

Generalforstamtet omtalar i 1725 eit sagbruk i Jøinga i «Nordherreds bøigdens fælleds eje». Saga var eit sameige av åtte namngjevne gardbrukarar frå Skjåk. Ho skal på registreringstidspunktet ha vore i bruk i om lag tjue år .

Kongen rekna altså ålmenninga som statseigedom. Det var høgst aktuelt for han å presisere dette nettopp på denne tida. Han var i ferd med å selje ålmenningar for å skaffe pengar i statskassa etter Store nordiske krig.

Privatålmenning 1726-1798

Kongen selde «Nordherredsmarkens almenning» (Skjåkålmenninga) på auksjon på Elstad i Ringebu 3. august 1726. Prisen var 950 riksdalar. Allmugen hadde sine representantar til stades der for å by, men nådde ikkje opp i bodgjevinga.

Eigarar

Eigarane i privatålmenningstida var:

  • 1726-1731: Kjøpmann Johan Jokum Lonicer, Kristiania. Han kjøpte ålmenninga på auksjonen i Ringebu 3.8.1726 og fekk utferda kongeskøyte 25.2.1727.
  • 1731-1743: Bonde Tosten Olsen Hjelle (Rik-Skjeillen), Dovre.
  • 1743-178?: Kjøpmennene Claus Bendeke og Iver Eliessen, Kristiania. Etter Bendekes død (før 1748) overtok Eliessen halvdelen hans etter overeinskomst med arvingane. Enkefru Karen Leuch Eliessen har behalde ålmenninga etter mannens død (før 1758), og var framleis eigar iallfall så seint som i 1781.
  • 178?-1785: Kammerjunker og kjøpmann Johan Wilster. Han åtte ålmenninga seinast frå februar 1783.
  • 1785-1798: Etatsråd, kjøpmann, gods- og verkseigar Bernt Anker.

Tømmerdrifter

Særleg i Tosten Hjelles tid som eigar vart det gjennomført store uthogster som vart fløytte nedover Ottaelva og Gudbrandsdalslågen og levert på Vingnes ved Mjøsa til trelasthandlarar frå Christiania. Mykje arbeidsfolk var involvert, både innanbygds og utanbygds.

Den fyrste nyryddinga

Mal:Thumb høyre Ein sideeffekt av skogsdrifta var at det vart rydda gardar og plassar i Bråtå, Kvitingslia og Langleitsgrend. Tosten Hjelle gav dei fyrste løyva til slik nyrydding i 1739. Det galdt tre bruk i Bråtå (Mork, Slette og Storbråtå) og eitt i Langleitsgrenda (truleg nåverande Søre Langleite). Sidan kom det mange bruk og plassar til, med og utan løyve frå grunneigar og styresmakter. Nokre av nyryddingane vart matrikulerte bygselsbruk, medan andre vart verande husmannsplassar. 14 av dei matrikulerte småbruka vart sjølveigande da Bernt Anker selde dei til brukarane i 1790-åra. Dei blir den dag i dag omtala som gardar med Anker-skøyte. Desse bruka var:[2]

I Bråtå:

  • Nordistun Storbråtå
  • Nørdre Mork
  • Søre Mork
  • Slette
  • Brenna (nørdre)
  • Primruste

I Åmotsgrenda:

  • «Nordre» og «Søndre» Nyhus (nåverande Plassen og Stubbesletten?)
  • Søre Åmot
  • Brumillom
  • Vottaneskroken

I Langleitsgrenda:

  • Brenna (Nørdre Langleite)
  • Rudi

I Billingsdalen:

  • Øyberget

Nyryddinga hadde ein tendens til å gå ut over dei gamle beiteområda og heimsetrene til gardane i hovudbygda, og det oppstod spenningar og mange konfliktar.

Hans Sperstad og opphavet til «Sperstad-strekninga» og «Grotli utmål»

I 1773 fekk den velhaldne og tiltakslystne gardbrukaren Hans Hansen Skamsar (seinare Sperstad) bygsla høgfjellsstrekningane Vien og Breidalen, venteleg til krøterhamning. [3] Det er Kongen, og ikkje daverande eigar av Skjåk-ålmenninga Karen Leuch Eliessen, som bygslar bort desse høgfjellsområda i «hans Majets. Alminding». Denne avtalen skulle 150 år seinare kome til å skape komplikasjonar i samband med tvisten om høgfjellsområda i Skjåk mellom staten og Skjåk Almenning. Vien og Breidalen vart på 1800-talet rekna som privateigedom tilhøyrande arvtakarane etter Hans Hansen Sperstad. Staten kjøpte i 1872 delar av desse strekningane til bruk for statens fjellstovemann på Grotli.

I 1783, ti år etter bygselsavtalen om Vien og Breidalen, fekk Hans Sperstad ein sentral posisjon også i skog-ålmenninga. Han inngjekk da ein avtale medd ålmenningeigaren kammerjunker Wilster [4] Hans Hansen fekk bygsle ni ålmenningsplassar som hadde vorte ledige etter ei stor utkastingssak rett før. Han kunne nytte plassane sjølv direkte, eller framleige dei. Hans Hansen skulle også halde oppsyn med og administrere utleige av andre plassar og matrikulerte bygselsbruk i ålmenninga. Han skulle med andre ord vere kammerjunker Wilsters mann på staden som oppsynsmann og forvaltar av eigedomen.

Bygdeålmenninga før sagbrukets tid 1798-1930

Heimkjøpet 1798

Mal:Thumb høyre I 1798 selde daverande eigar Bernt Anker ålmenninga til «Ole Mallaug, Sevald og Hans Spærstad, Lars Eriksen Andvord og med Intressentere, som ere alle Almuer i Schiagers Annex til Loms Præstegjeld», som det heiter i skøytet i panteboka (22. januar 1798).[5] (I andre avskrifter heiter det «Almuesmænd». Originalskøytet er gått tapt.)

«Allmugen» var her identisk med gardbrukarane på dei om lag 140 matrikulerte bruka som da fanst i bygda, pluss den eine garden Andvord i Lom. Eigarlutane vart fastsette i huder og skinn i samsvar med matrikkelskylda på dei enkelte bruka, og innskota i kjøpesummen (i alt 2500 riksdalar) vart fastsette i forhold til dette.

Nye grender

Mal:Thumb høyre Nyryddinga skaut fart mot slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-åra. Nye grender av plassbruk kom til i Jøingslia og Billingsdalen. (Sjå døme på plasskontrakter her.) Dei fyrste plassfolka vi kjenner til i Jøingslia, er Hans Kristensen og Ragnhild Larsdotter i Skryu (gnr. 141.1 Skriden). Hans var stemna for forlikskommisjonen av ålmenningseigarane i 1804, sjå det inngåtte forliket her. Det same året og frå den same samanhengen er den fyrste billingsdølen kjend, Ola Persen Heggjabotn (Forbergs-Ola) (sjå forliket frå 1804 her). Men ved inngangen til Billingsdalen var Øyberget rydda allereie på 1700-talet, og var eit av dei bruka som Bernt Anker selde til sjølveige i 1790-åra.

Bruksrettsreglar og fast administrasjon

Drift og administrasjon kom inn i fastare former frå ca. 1840 av. Dei fyrste kjende bruksreglane vart fastsette i 1834. Tillegg og nye reglar kom 1837, 1845 og 1858. Frå 1880 har det vore ein fast ålmenningsstyrar med forstfagleg kompetanse.

Tømmersal

Etter eit fleire tiårs langt opphald tok ein rundt 1850 på nytt til med salsdrifter av tømmer. Det foregjekk med ujamne mellomrom gjennom dei neste 70-80 åra. Skogen vart seld på rot til utanbygds oppkjøparar som sjølve organiserte hogging og transport. Den siste salsdrifta av denne typen fann stad i 1924.

Fellesdrift og lisitasjon

I 1890-åra tok ein til med fellesdrift for uttak til bruksretten. Akkordar vart sette bort ved lisitasjon, dvs. til lågastbydande hoggarar og køyrarar. Også fløyting og arbeidet ved sagbruka som ålmenninga dreiv frå 1896, vart sett bort på akkord. Lisitasjonssystemet varte ved til 1920-åra.

Høgfjellet

Eigedomsretten til høgfjellet var lenge omtvista. Staten hevda at dette var statsålmenning, medan Skjåk Almenning gjorde krav på full eigedomsrett også til høgfjellet innan Skjåks grenser. Saka vart behandla av Høgfjellskommisjonen. Ved høgsterettsdom 10.2.1922 vart Skjåk Almenning tilkjend eigedomsretten til høgfjellet med unntak av den såkalla Sperstadstrekninga av Grotlis utmål. Dette var eit område i Breidalen som staten hadde kjøpt av privatmannen Hans Hansen Sperstad i 1872 i samband med etablering av Grotli fjellstove. Dette vart verande eit stridsspørsmål, den såkalla Grotli-saka, som vart løyst ved forlik mellom Skjåk Almenning og staten i 1933. Da vart ålmenninga eigar også av dette området.

Da Hans Sperstad selde fjellområde til staten i 1872, hadde han halde attende to delar av det området han hadde hevd på. Det galdt Vien, som Skjåk Almenning fekk kjøpt av Per Sperstad i 1937, og Breidablikk, som vart verande i privat eige til det vart kjøpt, ikkje av ålmenninga, men av Skjåk kommune i 1985.

Begynnande kraftutbygging

Under fyrste verdskrigen byrja elektrisitetsutbygginga i Skjåk. Ålmenninga var sterkt involvert i arbeidet i nært samvirke med kommunen, mellom anna som likeverdig partnar med kommunen i Skjåk kraftselskap. Ålmenningsstyret garanterte for større lån til kraftselskapet, noko som elles førde til sterk strid da tidene vart dårlegare. Det var konkrete planar for utbygging av Høgfossen, og ålmenninga var villig til å overlate denne vederlagsfritt til kommunen. Tidlegare hadde dei stilt Åstrafossen til disposisjon til same føremål. Arbeidet i Høgfossen vart sett i gang. Mellom anna vart det tilsett ingeniør og bygt ingeniørbustad i Øyberget. For å skaffe kraft til denne utbygginga av Høgfossen vart kraftverket i Aura bygt. Det stod ferdig og gav ljos til større delar av bygda i februar 1920. Av ulike grunnar kom derimot ikkje hovudprosjektet i gang, og Høgfossen vart ikkje utbygd før på 2000-talet.

Sal av ålmenningsbruk og bureising

Mal:Thumb høyreMot slutten av 1800-talet byrja ålmenninga å selje ein og annan av dei gamle husmannsplassane til sjølveige. Eit nytt, bruksrettsorientert ålmenningsstyre sette frå 1915 i gang sal i større omfang av ålmenningsplassar i Jøingslia og andre stader. Dette vekte motstand blant ein del av eigarane, og vart kjelde til strid i fleire tiår frametter. Det same galdt bureisinga som tok til fyrst i 1920-åra, og som i tida fram til 1945 skapte 24 nye bruk i ålmenninga.

Frå 1930 til 1990-åra

Det grunnleggjande nye i ålmenningsdrifta frå 1930 var at ein gjekk over til innanbygds foredling også av den trelasta som vart seld ut av bygda, til skilnad frå tidlegare tiders salsdrifter av rundtømmer. Den langsiktige økonomiske og forstfaglege planlegginga vart innretta med dette for auga.

Sagbruk og høvleri 1930

Fram til 1930 gjekk den innanbygds foredlinga av trelast føre seg på små bygdesager i og utanfor ålmenninga. Dei fleste sagene var åtte av privatpersonar. I 1890-åra byrja ålmenninga så smått med sagbruksdrift for eiga rekning. Heggjeåsaga vart innkjøpt i 1895, og vart meir eller mindre halden i gang til 1933. I 1901 bygde ålmenninga eit nytt sagbruk i Åstra (Bråtåsaga), som var i drift til 1946, med avbrot. Så i 1916 overtok ålmenninga Skamsar-saga. Den låg rett vest for Bismo, langt austafor ålmenningsgrensa, slik at ho kunne fange opp tømmer frå heile ålmenningsskogen. Nå gjekk det 15 år med planlegging av og strid om oppbygging av eit større og modernisert sagbruk og høvleri, med tanke på å behalde foredlingsgevinsten i bygda. Mellom anna var utvegane til transport av foredla trelast blitt mykje betre etterat lastebilane kom i sving for alvor i 1920-åra. I 1930 opna det nye sagbruket i Skamsarfossen og eit høvleri i Bismo. Frå saga til høvleriet vart det bygd ei transportrenne som vart teken i bruk i 1932.

Sagbruket vart i 1954 flytta frå Skamsarfossen og lokalisert saman med høvleriet i Bismo.

Eigaraksjonen 1938

Våren 1938 vart det sett i gang ein protestaksjon blant eigarane i ålmenninga. Protesten retta seg mot ålmenningsstyret, og dei viktigaste punkta var desse:

  • Sal av jord i ålmenninga må opphøyre straks.
  • Stemmeretten ved ålmenningsval må trekkjast attende frå alle dei bruka som har vore selde i ålmenninga og på nymatrikulerte bruk i det heile teke. Brukarane på slike bruk skal ikkje kunne veljast inn i styret..
  • Disponeringa av overskotet i ålmenninga er det berre dei med eigedomsrett som har rett til bestemme. Korkje departementet eller dei med berre bruksrett kan leggje seg opp i dette.
  • Styret i ålmenninga har ikkje mynde til å ta opp lån eller pantsetje ålmenninga.

Litt seinare gjekk aksjonskomiteen inn for utskifting av ålmenninga, dvs. ei deling mellom Skjåk og Nordberg sokn.

Aksjonen hadde i byrjinga god oppslutning blant dei om lag 100 gardbrukarane som identifiserte seg med eigedomsretten. I spissen stod den største luteigaren, Rikard Skjelkvåle. Mellom anna på grunn av Skjelkvåles leiarstil, distanserte snart mange av dei meir moderate eigarane seg frå aksjonen. Aksjonen ebba ut under krigen. Men fleire av problemstillingane vart aktualiserte etter krigen og delvis prøvde for retten.

«10-prosent-dommen» 1956

Truleg i 1890-åra hadde ålmenninga byrja selje materialar med rabatt til folk i bygda utan ålmenningsrett. Prisen vart fastsett til bruksrettpris pluss 10%. Det såkalla Brandsarstyret 1911-1913 prøvde å setje ein stoppar for dette. Men med eit meir bruksrettsvennleg styre vart praksisen halden fram i ettertid. Spørsmålet fekk auka økonomisk betydning etter andre verdskrigen med nokså omfattande bustadbygging utanom jordbruket. Til dømes vart det rekna ut at eigarane i året 1954 hadde gått glipp av kr. 44 000 i eigarutbytte som følgje av slikt rabattsal. I 1955 gjekk 101 ålmenningseigarar til sak mot fleirtalet i ålmenningsstyret som hadde halde fram med slik rabattsal trass protestar frå eigarhald. Eigarane fekk medhald i dom ved Nord-Gudbrandsdal heradsrett 30. mai 1956.

Strid om utbetaling av utbytte

Utbetaling av kontantutbytte til eigarane har i medhald av ålmenningslova berre lovleg kunne gjerast med godkjenning frå departementet. Dette er ei avgrensing på den private eigedomsretten, og har vore kjelde til strid i Skjåk-ålmenninga. I 1959 vedtok ålmenningsstyret med fire mot tre røyster å utdele utbytte i strid med departementets pålegg. Dei fire som hadde røysta for styrevedtaket vart melde til politiet, men vart frifunne i heradsretten. Saka vart anka av påtalemakta, og gjekk heilt til høgsterett, men anken vart forkasta i kjennelse der 29.9.1962.

Også nokre år tidlegare, 1953, hadde ålmenningsstyret vedteke utbetaling av større utbytte enn departementet hadde gjeve løyve til, utan at det den gongen vart reist sak.

Fallingen-dommen 1963

Ålmenningsstyrets fleirtal hadde i 1958 selt 17 dekar tilleggsjord til bureisaren Titus Fallingen. 101 eigarar gjekk da til sak mot styrefleirtalet med påstand om at salet skulle kjennast ugyldig, da styret ikkje har kompetanse til å avhende grunneigedom frå ålmenninga. Saksøkjarane fekk medhald i heradsretten, men dommen vart omgjort i lagmannsretten. Lagmannsrettens dom vart stadfesta i Høgsterett 2. mars 1963.

Sal av fallrettar og kraftutbygging

Breidalsvatnet og Raudalsvatnet vart regulert av Glommen og Lågens Brukseierforening tidleg på 1940-talet. I 1950-åra til inn på 1960-talet var det mykje fram og tilbake om sal av fallrettar til ymse kjøparar. Det vart ferdigforhandla avtale om overdraging av Skjåk-falla til staten ved NVE i 1964, men avtalen vart ikkje realisert. I staden vart fallrettane i Øvre Otta med sideelver selde til Opplandskraft og Tafjord Kraftselskap. Avtalen sikra ålmenningseigarane til saman kr. 560.000 pr år, til fordeling etter huder og skinn, ein sum som skulle indeksregulerast. Fallrettane vart ikkje fullt ut realiserte før 2002, da utbygginga av Øvre Otta vart sett i gang, mellom anna med bygging av to nye kraftverk i ålmenninga, Framruste og Øyberg.

Skogbruket rasjonalisert og mekanisert

I 1956 vart fyrste motorsaga teken i bruk i Skjåk-ålmenninga, og på byrjinga av 1960-talet hadde den nye teknikken overteke heilt for handsagene.

I 1969 kjøpte ålmenninga si fyrste maskin for stammelunning. Traktor og vinsj vart teke i bruk i aukande utstrekning, men hesten var ikkje avleggs i framdrivinga av tømmeret før langt ut i 1970-åra.

Borkinga av tømmeret vart frå 1970 gjort maskinelt på sagbruket og ikkje lenger med øks og borkespade ute i hogstfeltet.

Driftsomlegginga og mekaniseringa gjorde at arbeidsstokken vart redusert. Det vart jamt slutt på sesongpreget over ålmenningsarbeidet. Drifta var frå 1970-åra gjennomført ved ein mindre stab faste og heilårstilsette arbeidarar.

Modernisert transport

Siste fløytinga i Skjåk gjekk føre seg i 1962. Dermed var tømmertransporten lagt heilt over til vegtransport med lastebil. Det hadde vore eksperimentert med dette alt før krigen, men kom fyrst for alvor i gang i driftsåret 1946-1947. Både OKB og ålmenninga sjølv heldt bilar til føremålet.

Fjellstyre og utmarksbruk

Mal:Thumb høyre I tidsrommet 1920-1925 var det eit fjellstyre i bygda, oppnemnt av kommunen i samsvar med Fjellova frå 1920. Lova galdt for statsålmenningar. Etter at eigedomsretten til høgfjellet vart tilkjent Skjåk Almenning i 1922, var det eigentleg uaktuelt med eit offentleg oppnemnt fjellstyre i Skjåk.

I 1933 oppretta så ålmenninga sjølv eit fjellstyre som hadde til oppgåve å regulere jakt- og fiskerettar, bruken av beite for tamrein og krøtter og annan bruk av høgfjellet. Fjellstyret var i verksemd til 1964.

Fisken i dei fleste vatna og elvene i ålmenninga er planta på 1900-talet. Fjellstyret sette i gang med fiskekultivering i 1930-åra. Sidan vart denne verksemda driven i tett samarbeid med Skjåk jeger og fiskarlag (stifta i 1942?). Eit klekkeri i Luskvea (i Aurmoen) kom i gang i 1934. Frå 1946 var eit større settefisk anlegg i drift i Botten. Det var i verksemd til 1971 med opp til sju dammar. Fleire stader i bygda, i og utanfor ålmenninga, var det i mindre skala drive klekkeri og settefiskanlegg. Staten i samband med etableringa fjellstova på Grotli hadde byrja så smått allereie i 1870-åra.

Fellesgjeting av små- og storfe er kjent frå langt attende på 1800-talet og til ei god stund etter andre verdskrigen. Det foregjekk slik gjeting i Breidalen, Mårådalen, Vetldalen, Tordalen, Føisfjellet, Lendfjellet, rundt Honnsjoen og Råkåvatnet og fleire andre stader.

Bruksrettslag og eigarlag

Kontroverset om utdeling av utbytte, 10-prosent-dommen, Fallingen-domen, sal av fallrettar m.m. aktualiserte spørsmålet om fordelinga av ålmenningsrettane. Bruksretts- og eigarinteressene vart manifestert i eigne samskipnader.

Skjåk bruksrettslag var opphavleg skipa i 1911. Det vart revitalisert i 1958 under leiing av Roy Lund. Alle med bruksrett, med eller utan eigedomsrett, kan vere medlemmer i bruksrettslaget.

I 1969 vart Skjåk Almennings Eierlag stifta med Magnar Skjelkvåle som formann. Vedtektene, utforma i medhald av Sameigelova, gjev eigarlaget fullmakt som representativt organ for eigarinteressene m.o.t. forhandlingar, inngåing av avtaler etc.

Dei seinaste tiåra

Avtalen 1995

Den 5. mars 1995 inngjekk ålmenningsstyret og eigarlaget ein avtale som regulerer nøyare tilhøvet bruksrett/eigedomsrett. Avtalen er godkjent av Landbruksdepartementet. Eit hovudpunkt i avtalen er følgjande: «Eigarlaget v/styret aksepterer at all forvaltning av almenningen tilligger styret, jfr. lov om bygdealmenning kap. 3». Motytinga var regulering og sikring av eigarutbytte i høve til storleiken på bruksrettsytingane til kvar tid.

Ny vektlegging i næringsverksemda

I løpet av dei siste 20-30 åra har det foregått fleire viktige vektforskyvingar både kva gjeld sysselsetjing og økonomi mellom dei ulike greiner av verksemd som ålmenninga har drive. Andre produkt og ressursar enn tømmer og trelast har fått auka relativ betydning. Det gjeld hytteutbygging, jakt, fiske og anna friluftsliv. Dette er ei utvikling som nok er blitt forsterka ved etableringa av nasjonalparkar på store delar av ålmenninga sitt territorium på 2000-talet

Kjelder og litteratur

  • Bruheim,M.: Skjåk Ålmenning 1798-1948. Utg. av ålmenninga 1969
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, 1-3, Skjåk kommune 1994, 1995, 1998 ISBN 82-993371-0-0
  • Informasjonsskriv nytta ved årsmøte i Norsk Almenningsforbund i Skjåk sommaren 2010 v/ålmenningsstyrar Stig Aaboen
  • Innstilling fra Skjåkutvalget. Oppnevnt av Skjåk almenningsstyre den 17. oktober 1976. Trykt 1979.
  • Opplysningar på e-post til Hans P. Hosar frå Skjåk Almenning ved Stig Aaboen og Kari Elin Sperstad
  • Tengesdal, Svein og Aaboen, Stig: Skjåk Almenning 200 år 1798-1998. Forvaltning og virksomhet 1948-1998. Skjåk Almenning 1998.

Notar