Solheim (Lesjaverk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. feb. 2016 kl. 11:11 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Forsamlingshuset Solheim ligg nokre hundre meter vest for Lesjaverk stasjon på Raumabanen. Førebuingane til bygging av huset starta i februar 1917 med eit møte for alt bygdefolket, der det vart bestemt å bygge eit felles hus for dei to skulekretsane Sletten og Verket. Med i etableringsfasen var Lesjaverk ungdomslag, Fråhaldslaget Verkets Vel, Lesjaverk Arbeidarforening og kanskje òg andre.

Det vart brot i samarbeidet ved at arbeidarforeninga trekte ut i februar 1918, men arbeidet med bygging av huset kom i gong likevel same året. Skogeigarane i kretsane gav stokkar eller bord i samsvar med kor mykje skog dei eigde. 14. desember i 1918 vart det første møtet i huset halde, og 20. januar 1919 var den offisielle opninga.

Kjelde