Sunnmørsbåt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sunnmørsåttringen til Sunnmøre museum under segl i juni 2005.
Foto: Andreas Vartdal

Sunnmørsbåt er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmøre og ytre og sørvestre delar av Romsdal. Som havbåt var han i bruk fram til om lag 1880. Mindre båtar vart bygde inn på 1900-talet. Sunnmørsbåtane er klinkbygde og har både årar og segl. Dei er særleg kjenneteikna av skroget, som mesta alltid er snidbetna, og det asymmetriske råseglet.

Historikk

Naust på Hareid med side av gamal sunnmørsåttring til vegg.
Foto: Andreas Vartdal

Dei eldste fysiske spora etter sunnmørsbåten har vore å finne på gamle hus – på naust, løer og andre uthus. Båtmateriala har vorte brukte på nytt etter at båten ikkje lenger kunne brukast på sjøen. Rekonstruksjon og oppmåling av båtdeler viser lita endring i byggjemåte og skrogform fram mot dei siste båtane som vart bygde. Båtbord og innved frå gamle hus har vorte brukte til å byggje oppatt båtar. Saxe Bjørkedal har rekonstruert både fjørefar, åttring og jekt på dette viset. Av originale storbåtar fins det berre ein åttring. Han står no på Ålesund museum. At han er i så god stand har vorte tolka som at det har vore ein dårleg sjøbåt som har vorte lite brukt. Skapen, serleg på bakenden, kan òg tyde på det. To åttringar err i ettertid vorte bygde med utgangspunkt i oppmålingar av gamle båtbord på naustvegg. Av dei mindre båtane fins det fleire gode eksemplar.

Fjørefar teikna av Hans Strøm.

Ei viktig kjelde til kunnskap om den gamle sunnmørsbåten er Hans Strøm: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmøer, beliggende i Bergens Stift i Norge. 1–2 Part, Sorøe 176266. Der finst det både illustrasjonar og mange opplysningar. Ei av teikningane er grunnlag for byvåpenet til Ålesund.

Storleikar

Byvåpenet til Ålesund

Med utgangspunkt i Hans Strøm sine skrifter og i framleis eksisterande båtar, kan vi setje opp dette oversynet over ulike storleikar på sunnmørsbåtane. Ein del båtar passar ikkje inn i dette skjemaet. Brukaren tinga sin båt som han ville ha han, og båtbyggjaren bygde han.

Færing

Færingen var den vanlegaste bruksbåten til heimefiske og ærend mellom bygdelag. To rom, framrom og bakrom, og to røde (årepar). Ein til to mann. Snidbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl.

Kjempefæring

Stor færing med to rom og tre røde. Fremste keipeparet i den store framskuten. Tre til fire mann. Snidbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl.

Trerøring

Brukt til fiske og til reiser for fleire personar. Mykje brukt til kyrkjebåt. Tre rom og tre røde. Tre til fire mann. Snidbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl.

Firrøring

Fiskebåt som òg vart brukt utanskjers. Tre rom og fire røde. Tre til fem mann. Snidbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl.

Seksring

Storbåt. Brukt til havfiske. Fire rom og fire røde. Fem mann. Snidbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl.

Fjørefar

Storbåt. Brukt til havfiske. Fire rom og fire røde. Seks mann. Snidbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl. Omtale og illustrasjonar hjå Hans Strøm. Det kan tyde på at dette var vanlegaste storbåten på 1700-talet.

Åttring

Største havfiskebåten. Fem rom og fem røde. Sju til åtte mann. Snidbetning. Rigga med asymmetrisk råsegl. Vanlegaste storbåten, saman med seksring, på 1800-talet.

Sambøring

Den minste føringsbåten. Tre rom, eit av dei svært stort, til plassering av gods. Tre røde. Byggjemåte og seglføring ukjend. Om lag same storleik som åttringen.

Tendring

Den nest største av sunnmørsbåtane. Fraktebåt. Denne har vi kjennskap til berre gjennom skriftene til Hans Strøm. Truleg ikkje snidbetning.

Jekt

Den største av sunnmørsbåtane. Omtale og illustrasjon hjå Hans Strøm. Fraktebåt. 10–30 lestar. 1 årepar. 8–10 mann. Framdrift: For det meste segl. Beingangar. (Ikkje snedbetning.) Ei jekt «Anna Olava» vart bygd i 2000, etter modell laga av Saxe Bjørkedal, ut frå båtmaterial som vart funne i ei sjøbu på Håkonsholmen i Ulstein.


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Sunnmørsbåt» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.