Svingen (Bykle gnr 17/22)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Svingen
Rydda: 1937
Utskilt: 1942
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Type: Småbruk

Svingen er eitt av bruka under Trydal i Bykle kommune. Husestaden til dette bureisingsbruket ligg på nordsida av Ljåfithylen mellom Grasbrokke og Optestøyl, og denne teigen gjekk ut frå Systog Trydal. Ein teig som vart kaupt frå Storstein høyrer også til bruket, men denne ligg ein km frå tunet. Det samla arealet er berre 10 -11 mål, men alt er dyrka.

Skøyte og skylddelingsdokument vart tinglyste i 1943, men etter det me får opplyst, byrja bureisinga nokre år tidlegare, i 1938 eller 1939.

Det var Bjørgulv H. Bjørnarå og kona hans som fekk seg ein heim her. Bjørgulv var son åt Hallvard Knutsson Skarberg i Myro Der nede i Bjørnarå og kona, Jorunn Olsdotter, fødd Holum.

I Svingen 1965. Frå venstre: Gunvor Å. Bjørnarå, Jorunn M. Trydal, Bjørgulv H. Bjørnarå og Hallvard K. Skarberg. Frå Birger N. Trydal.
  • Bjørgulv Hallvardsson Bjørnarå, f 1914, d 1988
g 1939 m Gunvor Åsmundsdtr. Trydal, f 1920. Born:
  • Jorunn, f 1940, ekspeditør, busett Brokke, g 1963 m Tarjei Gunnarsson Brokke, f 1928, d 1977, born:
  • Gunvald, f 1964, jfr. Valle II, 399
  • Hallvard, f 1943, ing., busett Asker, g m NN, f 1942, born:
  • Bård Torgeir, f 1970
  • Helge Audun og Tore Ingvald, tvill., f 1973
  • Gunvor f 1946, hj.pl., busett Brokke, g 1976 m Olav Gunnarsson Brokke, ikkje born, jfr. Valle II, 368

Gunvor er frå Optestøyl og dotter åt Åsmund O. Trydal og kona, Gunvor Knutsdotter, fødd Skarberg.

Bjørgulv og Gunvor hadde på jamnen eit par kyr og nokre sauer. Utanom bruket arbeidde han i vegstellet. Etter at mannen døydde vart det vanskeleg for Gunvor å vera i Svingen, så dei siste siste 10-12 åra (pr. 2006) har ho budd i ein kommunal aldersbustad i Kyrkjebygdi.

Hallvard Bjørgulvsson overtok heimelen til bruket etter faren i 1989.


0941 Bykle komm.png Svingen (Bykle gnr 17/22) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Åsdokk • Neste bolk: Torstveit