Tora Bræk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Tora Bræk.
Foto: Gudbrand Bræk

Tora Bræk (fødd 1878 i Skjåk, død same stad 9. september 1948) var gardbrukar i Øvre Brekk på Bersustrond i Skjåk. Ho var ei av seks kvinner som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i Skjåk i 1928.

Foreldra var Ola O. Skjaak (1836-1921) og Gunhild Rolvsdotter Bræk (1843-1924). Tora var nummer fire i ein syskenflokk på seks, der dei fem andre var desse:

  • Olaf, f. 1869, utvandra til Amerika.
  • Rolv, f. 1872, døydde som toåring.
  • Rolv, f. 1875, banksjef i Noregs Bank på Hamar.
  • Gudbrand, f. 1880 - d. 1964, banksjef på Eidsvoll. Gudbrand var og medstiftar i Bøndernes Bank. Han var far til Ola Skjaak Bræk, banksjef i Sunnmørsbanken i Ålesund og industriminister for Venstre i Korvaldregjeringa.
  • Live, f. 1882 - d.1963, utvandra til Minnesota Amerika og gifta seg med skjåkværingen Kristian Kristensen Hove.

Tora vart den som tok over foreldregarden. Ho gifta seg i 1904 med Erik Eriksen Vange (f. 1881), og dei dreiv Øvre Brekk saman frå da av. Foreldra hennar vart kårfolk der.

Erik og Tora fekk tre born:

  • Margit, f. 1905, g.m. Torbjørn O. Haugtredet. Dei bygde seg hus på ein utskild del av Brekk.
  • Erling, f. 1908, tok over garden etter foreldra, g.m. Olga J. Storkjørren.
  • Ola, f. 1912, g.m. Kari Biløygard..


Tora Bræk var politisk interessert, og møtte gjerne opp som tilhøyrar på kommunestyremøte. Men bortsett frå kvinnelista 1928, er det ikkje kjent at ho stilte til val eller politiske tillitsverv elles. Det er også uvisst kor vidt ho sjølv flagga noko partipolitisk standpunkt. Det kan vere relevant i denne samanhengen å nemne at faren var ein ivrig nynorskforkjempar, venstremann og ordførar i 1890-åra, og broren Gudbrand stod for liknande haldningar i si verksemd på Eidsvoll.


Referansar


Kjelder og litteratur

Eksterne lenker