Urheim (Bykle gnr 2/23)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Urheim
Hovden 54.jpg
Forretningsbygget til Kjetil Uleberg 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes
Utskilt: 1954
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 23
Type: Bustads- og næringseigedom
Turistar ved bensinstasjonen på Hovden kring 1960. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Urheim er ein forretnings- og bustadeigedom midt i Hovden sentrum. Det var Tone og Harald Uleberg som sette seg opp landhandel her i 1951. Dei hadde også posthus i eit rom i huset, og budde sjølve i andre høgda. På framsida hadde dei bensinstasjon (BP). I 1967 vart huset utvida med eit nytt byggjesteg.

Olav Harald Uleberg, f 1916, d 1990

g 1951 m Tone Kjetilsdtr. Hovden, f 1911, d 1993. Born:
  • Kjetil f 1952, g 1996 m Ella Zavgorodniea, sjå nedanfor
  • Jon, f 1954, g 2003 m Wenche Gøthesen, sjå Der nede, bnr 1

Tone var frå Hovden Der nede og dotter åt Kjetil Sveinsson Hovden og kona Torbjørg Olavsdotter, fødd Breive. Harald var frå Uleberg i Hornnes, og son åt Jon Eilivsson Uleberg og kona Tomine Hansdotter, fødd Kylland. Tone og Harald dreiv handel i huset her frå dei gifte seg og så lenge dei var yrkesaktive. Tone overtok dessutan som postopnar på Hovden etter far sin, og hadde denne stillinga til 1968. I ledige stunder skapte ho mykje fint handarbeid, ikkje minst biletvev.

Sønene Jon og Kjetil overtok eigedomane åt foreldra saman i 1973, men frå 1993 er det Kjetil som eig huset her. Bygningen har vorte ombygd og utvida fleire vender. Den fyrste høgda står att etter det eldre huset, men også denne er monalag ombygd. Der er nå møbelforretning, restaurant (XO) og gatekjøkken (Bamse). I andre høgda er fleire leilighetar. Nokre av dei er utleigde, men Kjetil og familien hans bur i den eine:

Kjetil Haraldsson Uleberg, f 1952

g 1996 m Ella Zavgorodniea, f 1964
Hennes barn:
  • Alina, f 1986
Deira barn:
  • Maja, f 1998

Kjetil er forretningsmann, og driv m.a med eigedomsutvikling på Hovden. Elles arbeider han med innramming av bilete, og i det nyaste tilbygget har han rammeforrretning. Kjetil var den fyrste til å drive handel i Hovden Varesenter, den forretninga som nå (2006) er ICA Hovden. Sidan var han fleire år i importbransjen, og henta m.a. heim varer frå Taiwan, Hong Kong og Italia, fyrr han på 1990-talet nokre år dreiv ei verksemd som importerte laftehus frå Latvia.

I det landet trefte han Ella, kona si. Ho er frå Riga, og namna åt foreldra hennes er Jurij og Zinada Zavgorodniea. Ella Uleberg er utdanna juvelér, og etter at ho kom til Hovden har ho etablert seg i sylvsmedfaget her, og drege i gang kunsthandverkssenteret i dei gamle gardshusa på Hovden Der nede.

Tone Uleberg. Biletet er frå byrjinga av 1930-åra, og kjem frå samlinga til Ingebjørg Vegestog.
Harald Uleberg attom disken. Bilete frå midten av 1970-åra.
Foto: Gerd Fosse Hovden
Ella Uleberg; biletet er teke i døråpninga til Hovden Kunsthandverkssenter.
Foto: Aanund Olsnes
Kjetil Uleberg i rammeforretninga hans i 2005.
Foto: Setesdølen


0941 Bykle komm.png Urheim (Bykle gnr 2/23) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Haugly gjesteheim • Neste bolk: Sekkepipeseter