Ustaoset

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. jul. 2012 kl. 23:28 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (→‎Stølsdrift: tillegg + lenking)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Ustaoset er ei hyttegrend i Hol kommune i Hallingdal i Buskerud fylke, som vart bygd opp kring Ustaoset stasjon (990,6 moh) på Bergensbanen frå byrjinga av 1900-talet. Kring 1890 sto det tre stølsbuer og ei løe på Osestølen, som alle høyrde til garden Vindegg i Kvisla, aust for Geilo. Det var kring denne stølen at Ustaoset hotell og dei fyrste hyttene vart bygde.

Topografi

Mal:Thumb høyre Ustaoset er naturleg avgrensa mellom Hallingskarvet i nord og Nordre Nordmannsslepa i sør, og mellom elvene Eima i aust og Karistølbekken i vest. Det vel tre mil lange Hallingskarvet ragar i landskapet, med Folarskardsnuten på 1933 moh som høgste punkt. Nedunder Skarvet er det gode beite, og mellom elvane og vatna ligg det tufter og stølar frå ulike periodar. Usta eller Ustevatnet nede i dalbotnen, er det nest største vatnet i Hol, og det går i vest over i Sløtvatnet ved Haugastøl.

Namnet

Sentrum av Ustaoset med Osestølen ligg nær staden der Usteåne eller Ustaelva renn ut or Ustevatnet. Førsteleddet "Ust-" er brukt i fleire stadnamn i området og har vore tolka på fleire måtar. Ifølgje Gunnleik Akselberg [1] heng det truleg saman med den germanske rota "us", som betyr "å brenne", og som kan gjelde både elva og vatnet. Men det kan òg ha samanheng med det norrøne "ast" eller "ost", som betyr "kjærleik", eller kome av det høgtyske "Unst", som betyr "gunst" eller "velvilje".

Den fyrste busetjinga

Oldsaksamlinga i Oslo har registrert fleire funn frå steinalderen på Ustaoset, særleg kring Ustevatnet. Mest omfattande er funna frå ein buplass på øya Digernes, der det er registrert eit rikt utval av reiskapar og verkty, samt brente beinrester og fordjupingar som kan ha vore brukt som kokegroper. Det er også registrert funn etter steinalderbuplassar på halvøya Buodden, ved Vikastølen og nedanfor Menutane. [2] I Riksantikvarens Kulturminnesøk er det dessutan registert buplassar frå steinalderen i Lauvvika, ved Verpestølen og ved utlaupet av Ustaelva. [3]

Funna frå jern- og mellomalder syner at det har vore stor jernblåsteraktivitet kring Ustevatnet, truleg også handel med jern. Her er funne kolgroper, jernvinner og restar etter slagg, til dels i dei same områda som steinalderfunna er gjort, mellom anna i Lauvvika[4] og ved Vikastølen[5], dessutan ved Hornbustølen[6] og Verpestølen[7]. Dei dreiv truleg med myrmalsmelting til inn på 1500-talet.

Nedanfor Menutane, i nærleiken av buplassane frå steinalderen, er det funne tufter etter ein buplass frå jern- eller mellomalder.[8] Det finst også restar etter fangstanlegg frå same tid fleire stader. Ved Reinsvaet, ned for dei bratte Reinsvahaugane, ligg ei samling dyregravar. Namnet gir ein peiepinn om kva slag dyr dei kunne få i gravene.[9].

Stølsdrift

På 1600-talet var folketalet i Hol aukande, og i løpet av 1700-talet dobla det seg. Gamle gardar vart delte og nye rudd, og det vart trongt om plassen både i gamle og nye grender. Fjellet, heilt opp til Usta, vart ekspansjonsområde ikkje berre for dei næraste bygdene, men også for gardar så langt aust som i Holet. Kring langstølane var det gode fiskevatn, beiteområde og jaktmarker. Om langstølane på Ustaoset fyrst vart rydda på 16-1700-talet er usikkert. I skriftlege kjelder dukkar dei opp frå 1700-talet i samband med kjøp og sal. Før dette låg dei helst i sameiger.

Kartlegginga av seterbruket i Hol i 1930-åra[10] syner at det då berre var fem bruk som ikkje hadde støl, og at 70 % av dei hadde to eller fleire. Av og til flytta dei mellom heime-, mellom- og langstøl same sumaren. Eller dei brukte stølane på skift frå år til år. Dette gjeld også nokre av stølane på Ustaoset. Det var vanleg at to-tre stølar låg saman, men store stølsgrender fans ikkje i Hol. Kvar støl hadde gjerne ei bu og ei løe, og på Ustaoset var desse gjerne av stein og bygd inn i bakken. Stølane hadde ikkje fjøs, så dyra sto i kve inntil graset var slått. Dei fleste stølane hadde dessutan steingjerder kring seg, slik det var vanleg når vollane vart slått. Mange stølar vart brukt som slåttestølar lenge etter at dei var ute av vanleg drift. Men i 1939 var enno 95,5 % av kyrne i Hol på støl om sumaren.

Nedanfor eit oversyn over langstølar på Ustaoset.

Namn Fyrst funne i kjelder Fyrste kjende eigar (gard) Eigar ca 1934[11] Nedlagt[12] Høgd over havet
Eirikstølen 64/8 Øvre Geilo Nedlagt før 1934 (selt til byfolk). 0970
Embrikkstølen 65/1 Raunsgard I bruk kring 1934. 1115
Geilolia 1771 Verpe (Ustedalen) 52/1,3 Vindegg Nedlagt kring 1905. 1000
Kjersundlie, Guristølen 44/6 Nordre Trøgaton I bruk kring 1934. 1032
Hornbustølen (Hodnbu, Hødnbustøladn) 68/1 Verpe Berre brukt til slått kring 1934. 3 stølar. 0996
Hovdestølen 5/2 Søre Slettemoen II I bruk kring 1934. 1043
Huskerud 5/2 Søre Slettemoen II Nedlagt kring 1895. 1050
Kulthaug (Kuldhaug) 1746 Slåtta (Ustedalen) 5/2 Søre Slettemoen Nedlagt 1929. 1012
Lakaset 68/1 Verpe Nedlagt lenge før manns minne. 1150
Lauvviki 6/1 Nordre Slettemoen I bruk kring 1934. 0982
Lii (Lie) 64/3 Nedre Slåtta I bruk kring 1934. 0907
Lorthøl 52/1,3 Vindegg Nedlagt kring 1905. 1093
Mestølen, Gjerdudn 44/1 Søre Trøgaton I bruk kring 1934. Frå gamalt 2 stølar med kvar sine hus. 1013
Mjølhaugane 1772 Geilo (Ustedalen)
Nyhall 72/3 Nordre Tufto Nedlagt før 1934. 1119
Nystølen 52/1,3 Vindegg I bruk kring 1934. 1093
Osestølen 1743 Geilo (Ustedalen) 52/1,3 Vindegg I bruk kring 1934. 1020
Plassen 44/1 Søre Trøgaton Nedlagt kring 1910. 1012
Prestholtstølane 19/15 Rudningen I bruk kring 1934. 1242
Prestholtstølane 60/1,2 Søre Pukerud I bruk kring 1934. 1242
Prestholtstølane 61/1 Isungset I bruk kring 1934. 1242
Prestholtstølane 66/1 Øvre Uthus I bruk kring 1934. 1242
Raggen, søre 72/2 Myljo Tufto Ikkje brukt dei siste åra før 1934. 1220
Sekshusstølane (Rennedalen) 47/1 Nordre Givsjord I bruk kring 1934. Frå gamalt 3 stølar til gardane Sekshus, Løyte og Slåtto. 0980
Sekshusstølane (Gamle Rennedalen) 47/1 Nordre Givsjord Nedlagt før 1934. 0980
Ruken 1748 Mehus (Kvisla) 64/12 Nedre Geilo I bruk kring 1934. 1150
Ruken, nordre 71/1 Sekshus I bruk kring 1934. 1150
Sisseldalen 5/2 Søre Slettemoen II I bruk kring 1934. Rudt 1929. 1010
Skarvestølsviern 47/3 Nordre Givsjord Nedlagt før 1934. Ikkje brukt i manns minne. 1088
Smettbak 64/1 Øvre Slåtto I bruk kring 1934. 1012
Steintjødnbotnen 1892 Øvre Sand (Kvisla)
Såbalstølan 64/3 Nedre Slåtto I bruk kring 1934. 0950
Såbalstølan 66/7 Nordre Fossgard I bruk kring 1934. 0950
Såbalstølan 67/1,2 Hallsteinsgard Nedlagt 1920. 0950
Tuva, nordre 82/1 Flatåker I bruk kring 1934. 1184
Uppåberget 72/3 Nordre Tufto Nedlagt før 1934. 3 vollar. 1198
Urenstølane 47/1 Givsjord I bruk kring 1934. 1169
Urenstølane 48/1 Tufto I bruk kring 1934. 1169
Ustebergstølen (Tuftestølen) 72/3 Nordre Tufto I bruk kring 1934. Ny bu og nytt fjøs. I eldre tid skifta dei på å bruke Ustebergstølen, Vikastølen, Nyhall, Uppåberget. 1000
Verpestølen, nordre 68/1 Verpe I bruk kring 1934. 0996
Verpestølen, søre 68/1 Verpe I bruk kring 1934. 0996
Veslestølen 67/1,2 Hallsteinsgard I bruk kring 1934. 0935
Vikastølen 72/3 Nordre Tufto Nedlagt før 1934. 1000
Øynadn 72/2 Myljo Tufto Nedlagt før 1934. 1200
Åkerstølan, nedre 55/7 Nordre Fosshagen I bruk kring 1934. 1091-1120
Åkerstølan, øvre 55/8 Fosshagen I bruk kring 1934. 1091-1120
Årsetstøl 55/1 Nordre Årset I bruk kring 1934. 1032

Fotnotar

  1. NRK Hordalands Språkspalte.
  2. Funn registert i tilvekstkatalogen til Oldsaksamlinga, Universitetet i Oslo.
  3. Treff på Ustevatn, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  4. Treff på Lauvvika, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  5. Treff på Vikastølen, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  6. Treff på Hødnestølen, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  7. Treff på Verpestølen, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  8. Treff på Menutane, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  9. Treff på Reinsvahaugene, Riksantikvarens Kulturminnesøkbase
  10. I samband med seterbruksgranskinga til Instituttet for sammenlignende kulturforskning.
  11. Opplysningar frå Seternamnarkivet, Universitetet i Oslo, 1934
  12. Opplysningar frå Seternamnarkivet, Universitetet i Oslo, 1934

Kjelder

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982.
  • Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år. Utg. Hol kommune, 2000.
  • Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. Aschehoug, 1955-61.