Vassvøri Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Vassvøri Sogelag i Voss herad vart skipa den 5. mars 1993. Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv. Føremålet til laget er å fremja interessa for slekts- og lokalsoga og kulturvern. Laget samlar inn, tek vare på, og formidlar det som kan forteljast om levekåra i grendene gjennom tidene.

Sjølv om røtene går attende til førhistorisk tid med busetnad inst i Bolstadfjorden, medan isbreloket enno låg over storparten av Vossaveldet, har sogelaget til no funne oppgåver i nærare tid. Desse oppgåvene vil sogelaget at gamle og unge på Bolstad, på Evanger og i Teigdalen skal fatta interesse for, og løysa i aktivt samarbeid.

Publikasjonar

  • -da gaor i pylso- : 200 år med kjøt og fårepylseproduksjon i Evanger. Red. Knut Hjørnevik ofl. Utg. 2012. 272 s. ISBN 978-82-91895-16-1. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Frå fjell til fjord, årsskrift, kjem ut årleg i månadsskiftet november/desember. Skriftet starta opp i 1995; men då nærast som eit meldingsblad til medlemene. Framsida var i fargar; medan resten var kopierte ark i A4-format. Frå 1997 er skriftet prenta i bokform, i eit opplag på om lag 600 eksemplar.
  • Vassvøringen, sogebrev som sendast ut til medlemene 3–4 gonger i året.

Leiarar

  • Atle Bolstad
  • Grethe Finsrud Agerlie

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer