Vaterbord

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jan. 2016 kl. 00:06 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne krøtterbåten frå ValsøyaNordmøre (no utstilt i Geitbåtmuseet) har vaterbord langs ripa. Vaterbordet gjer båtsida sterkare.
Foto: Olve Utne (2011).

Vaterbord (frå Mal:Nty./Mal:Ndl. waterboord, waterbord, 'vassbord') er opprinneleg eit kraftig endebord som ligg for enden av eit tak (sjå vindskier) eller langs kanten av eit dekk. I norsk kystkultur blir ordet bruka på to måtar: 1) om det ytste, gjerne ekstra kraftige, dekksbordet som avsluttar dekket mot sida; og 2) om det flatvorne, kraftige bordet som ofte ligg ved/oppå ripa på opne båtar av austnorsk type så vel som på større tradisjonelle fartøy og nyare båttypar vesta- og nordafjells.