Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-28

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Smettvev.

Smettvevteknikken er ein gamal vevteknikk som held på å verte borte ettersom det er så få som praktiserar han no. Fjærland i Sogn var kanskje den plassen som i ei periode vov mest smettvev. Anne Britt Lotsberg (opprinneleg frå Fjærland) er ein av dei få som held tradisjonen oppe. Bortsett frå omreisande vevarar (Flamsvevinga) og i laugssystemet har veving stort sett vore kvinnene sitt arbeid. Det var særleg naudsynt attende i det sjølvforsynte bondesamfunnet å skaffe seg det meste sjølv. Og det var kvinnene som var ansvarlege for tekstilane.

Etter kvart som ein kunne få det ein trong utanfrå, vart bruken av til dømes dei vovne gjenstandane endra. Slik var det med åkle som hadde vore nyttige som sengjeteppe og som «isolasjon» på veggen – no vart dei nytta meir til «pynt». Det synte seg at i Sogn greidde dei ein periode å få i stand ei ganske stor næring innan åkleveving. Det var i Fjærland (og til dels Jølster og Balestrand) dette fann stad.Les mer...