Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-37

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frogner herregård.
Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon (1949).

Frogner Småbruksskule låg på den gamle Frogner herregård i Gjerpen kommune og vart starta i 1923. Frogner herregård er blant gardane som vert omtalt i erkebiskop Øystein si jordebok frå 1100-talet. Garden har skifta eigarar fleire gonger. Bygningane vart oppført av Christopher Hansen Blom som kjøpte garden i 1820. Bygningane vart restaurert til skulebruk i 1922.

Opptakten til skulen vart gjort i 1913 av statsminister Gunnar Knudsen. Saman med ordførar Lars Eriksen, stortingsmann Nils Skilbred, bonde Hans Edv. Ballestad og herredssekretær Jakob Myhra vart Frogner kjøpt og overdrege til Gjerpen kommune utan forteneste. Einaste føresetnad var at eigendomen skulle nyttast til småbruksskule. Skulen på Frogner vart den fyrste kommunale småbruksskulen i landet.Les mer...