Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-44

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Signatur i futerekneskapen 1615-16.

Anders Lauritssen (Lauritßen, Lauritzsøn) (fødd ca 1570, død ca 1630) var fut i Luster i Sogn. Anders og broren Søren Lauritssen vert rekna som stamfedrane til Heiberg-slekta. Den fyrste kjende futerekneskapen etter Anders Lauritssen er jordeboka for Dale prestegjeld (Luster) for 1615-1616. Dale len vart i 1614 lagd under Bergenhus etter å ha vore eit eige len sidan 1565, og lensherren på Bergenhus fekk ordre om å avleggje rekneskap. Det var Anders Lauritssen som sette opp den fyrste jordeboka, og det tyder på at han hadde vore fut for Luster også før lenet vart rekneskapslen. Han bygde seg opp eit stort jordegods i Sogn. I 1612 hadde han gardar og gardpartar på drygt ein halv laup smør, i 1612 12 laupar, i 1623 80 laupar og då han døydde kring 1630 oppunder 120 laupar. Han har såleis vore mellom dei rikaste mennene i Sogn på denne tida. Det finst ingen opplysningar eller tradisjonar om at han har tileigna seg jordegods urettmessig slik det finst for fleire andre futar.Les mer...