Bakken (Bykle gnr 13/9)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Åsen (Bykle gnr 13/9)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakken
Mosdøl 35 b.jpg
Åsen eller Bakken 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Åsen
Rydda: 1915
Utskilt: 1917
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Bnr: 9
Type: Småbruk

Parsellen Bakken, også kalla Åsen, på vel 4 mål jord i plassgrenda i Byklum er ikkje ein gamal plass. Han høyrde til Torsbu, og vart seld til bureisingsbruk så seint som i 1915, seljaren var Pål Mikkelsson Byklum. Bruket vart 2 år seinare skyldsett til 1 øre og tildela bnr 9 under Mosdøl.

Bureisaren heitte Olav Auversson. Han var son åt Auver Olavsson Gjerden i Myri under Gjerden og kona, Tone Pålsdotter, fødd Gjerden. Olav hadde budd i Åsen under Hoslemo frå han gifte seg i 1885. Til å byrje med var han husmann der, men seinast i 1888 fekk han kaupe det bruket, og sat som sjølveigar nokre år.

Nett kor lenge han greidde å halde på Åsen veit me ikkje, men dottera Tone vart konfirmert frå Hoslemo sumaren 1900, og i folketeljinga frå slutten av det året ser me at Olav og huslyden hans då var medbrukarar i Bjones, hjå Pål Auversson, bror hans. Sidan budde dei tydelegvis fleire stader, i Byklum og Gjerden og Nesland, inntil dei flutte hit i 1916.

Etter dei namnereglane me har nytta i denne boka, når det gjeld noko eldre tilhøve, skulle Olav ha vorte oppførd med etternamnet Gjerden. Men ettersom både han sjølv og borna hans skreiv seg Åsen, lyt me nytte det namnet. Også bruket her vert til dagleg omtala som Åsen, etter dei som budde her, medan Bakken berre vart eit matrikkelnamn.

Olav Auversson Åsen med døtrene Tone og Birgit.
  • Olav Auversson Åsen, f 1857, d 1935
g 1885 m Torbjørg Åsmundsdtr. Stavenes, f 1850, d 1898. Born:
  • Tone, f 1885, til stades 1910, seinare lagnad ukj.
  • Auver, f 1888, g 1924 m Torbjørg Olavsdtr. Gjerden, sjå nedanfor
  • Birgit, f 1892, g 1916 m Tarjei Torleivsson Stavenes, sjå Nybu Stavenes, gnr 16, bnr 10

Torbjørg Åsmundsdotter var fødd i Systog Stavenes som dotter åt Åsmund Sigbjørnsson Stavenes og kona, Birgit Olavsdotter, fødd Byklum. I 1879 fekk ho sonen Olav, faren var Olav Knutsson Nesland (sjå Nistog Byklum, gnr 14, bnr 10). Olav Olavsson vaks opp hjå mora og stykfaren, og skreiv seg med etternamnet Åsen, liksom dei. Han gifte seg i 1905 med Ingjerd Sjursdotter Vatnedalen, og fekk ein stor barneflokk. Desse folka budde i Systog Dalen, gnr 6, bnr 26, og er nærare omrødde der.

Olav Auversson sette opp stoge, fjos og løe på bruket sitt i 1915/16. I 1924 gifte sonen seg, og bygde ny stoge eit par år seinare. Ho står framleis, og har ei grunnflate på 6 x 10 meter i to fulle høgder. Han som sette opp det nye huset vart neste oppsitjar, men formelt hadde han ikkje heimel til bruket fyrr faren var borte i 1935.

  • Auver Olavsson Åsen, f 1888, d 1965
g 1924 m Torbjørg Olavsdtr. Gjerden, f 1902, d 1932. Born:
  • Torbjørg, f 1926, d 1993 ug
  • Birgit, f 1928, d 1996 ug

Torbjørg Olavsdotter var frå Attistog Gjerden, dotter åt Olav Drengsson Byklum på det bruket og kona, Birgit Olavsdotter, fødd Gjerden.

Etter det Olav G. Holen jr. kan fortelje (Holen 2, 79), var Auver ein særs god rjupefangar. Om sumrane dreiv han mykje med vegarbeid, og var m.a. framifrå både til å kvesse og bruke minebor: «Når han sette i gang med å eipikke, bora han like fort som to som bora med tomannsfeisel», skriv Holen. Elles fortelst det at han dreiv mykje med muring, særleg gråsteinsmuring, og var særs flink til det også.

Etter at Auver døydde i 1965 overtok døtrene, Torbjørg og Birgit, eigedomen. Fyrst på 1970-talet sette dei seg opp eit nytt bustadhus (Øvre Åsen), og budde i dette så lenge dei livde.

Torbjørg var ein flink og omtykt rosemålar, og etterlet seg mange fine arbeid. Då båe systrene var døde, kom det fram at dei hadde testamentert alt det dei åtte til Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke.

Våren 1997 heldt foreninga lausøyreauksjon, og selde omlag på same tida eigedomen her vidare til valldølen Georg O. Rygnestad, som var (og framleis er) tilsett i Oslo-politiet. Han og kona hans, Heidi Johansen Rygnestad, budde her eitt års tid, men så flutte dei til Hole på Ringerike. Då Rygnestad-familien selde og flutte, det var våren 1998, vart eigedomen dela på to kauparar.

Øvre Åsen med det nye huset gjekk til Tor Gjerden og Anette Trydal (sjå Åsen, gnr 15, bnr 13), medan nedre Åsen med det gamle tunet vart kaupt av Olav Holen.

Olav Holen er frå Holen Der uppe, og eig også det bruket. Foreldra hans var Mikkel Olavsson Holen og kona, Gyro Olavsdotter, fødd Rygnestad. Då han kaupte Nedre Åsen med det gamle tunet, budde og arbeidde han i Arendal, men då han våren 2001 vart kommunelækjar i Valle flutte han hit.

  • Olav Holen, f 1942
g h v m Berit Magnussen, Arendal. Born:
  • Mikkel, f 1975, siv.ing., arbeider og bur internasjonalt
  • Andres, f 1977, MBA, p.t.(2003) busett Arendal
  • Gyro Anna, f 1980, p t (2003) under utdanning
  • Kristine, f 1984, p t (2003) under utdanning

Olav har stelt opp dei gamle husa på bruket. Vidare har han fått flutt hit og restaurert det gamle eldhuset frå Holen Der uppe som far hans tidlegare hadde flutt med seg til tomta si på byggjefeltet Nedre Sarv (Jarehaugen, gnr 15, bnr 41). Han har også flutt hit ei tømre frå Frøysnes, som han har til garasje. Dette huset vart i si tid bygd av professor Alexander Seippel.


0941 Bykle komm.png Bakken (Bykle gnr 13/9) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bykilsmoen • Neste bolk: Nystog