Anders Erikson Ormberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Erikson Ormberg (fødd kring 1683, død hausten 1748) var gardbrukar på Ormberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Anders drog kring 1700 til Nordfjord og tente der til kring 1720. Då gifte han seg med Kari Arntsdotter (ca 1692-1734) frå Fosnes i Stryn. Dei flytte kring 1720 til Jostedalen og tok over drifta av halve heimebruket. I 1739 fekk han òg hand om andre halvparten.

Etter at Kari døydde, gifte Anders seg opp att 12. juni 1735 med Britha Andersdotter (ca 1713-1774) frå Åsen. Ho var dotter av tidlegare lensmann Anders Olson Åsen og syster av klokkar Ole Anderson Åsen.

Ormberg vart i Anders si tid mykje øydelagd av flaum. Under avtaksforretningane i Jostedalen i august 1742, vart skatten og landskylda redusert med ein firedel.[1]

Anders var ein av dei fire jostedølene som møtte på skulemøtet i Solvorn 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd. Her vart Anders òg sett til å styre med skulekassa fyrste året fram til ein ny prest (Matthias Foss) var på plass. Men til rekneskapsføringa skulle Anders Ormberg ha hjelp frå klokkar Ole Knutson Grov fordi Anders "ey selv forstaaer … at Skrive”.[2]

Anders og Kari fekk berre eitt kjent barn, som døydde udøypt ved fødselen.

Anders og Britha fekk tre born:

  • Anders Andersson (1736-1803), som overtok Ormberg og vart fyrste sjølveigaren
  • Kari Andersdotter (1742-1812), gift med syskenbarnet sitt, klokkar Anders Olson frå Åsen
  • Erik Andersson (1746-1828), som gifte seg med syskenbarnet Anna Olsdotter (1750-1844) frå Åsen og vart gardbrukar der

Notar

  1. Avtaksforretningar i Jostdalen 1742 (Jostedal historielag)
  2. Skulefundasen 1741, Jostedal historielag

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 94-95. (Digital utgåve, NBdigital)