Anders Johan Wiborg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Anders Johan Wiborg (Anders Johan Friderichsen Wiborg eller Viborg) var klokkar i Lesja prestegjeld frå før 1801 til 1838. Han var son til førre klokkar, Fredrik Nikolai Wiborg. Han vart født 1769 og døydde i 1838. Han var gift, og overtok Sili (1-11) etter foreldra ca 1790.[1][2][3]

Kyrkjebøkene for Lesja (Ministerialbok nr. 6, 1769, side 582) tyder på at han var født 19. april 1769, og døpt som Anders Johan Friederichsen Wiborg den 26. april 1769. Foreldrane var Friderich Nicolai Wiborg og Ingeborg Linneman. Fadrane var kaptein Casper Zeigler, herr løytnant Berent Harig von Rappe, kapellan Steen Meldel Feldtman, madam Anna Margarethe Smidt, jomfru Catarina Hedvig Ornning og jomfru Fridericha Fischer. I folketeljinga 1801 står han som klokkar og gardbrukar på Sili.

Sjå også

Referansar

  1. Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja: Gards og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn; 1996; s. 300 - 303
  2. Berg, Per: Ei Wiborg-ættegrein på Lesja 1751 – 1900; Hedmark Slektshistorielags Jubileumsskrift, s. 119-126, Hamar, Norway 1964
  3. Wiborg, Geir Steinar: WIBORG. En slektsgren med bakgrunn i det gamle norske bondesamfunnet; Gjøvik 1995