Anders Lauritssen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Signatur i futerekneskapen 1615-16.

Anders Lauritssen (Lauritßen, Lauritzsøn) (fødd ca 1570, død ca 1630) var fut i Luster i Sogn. Anders og broren Søren Lauritssen vert rekna som stamfedrane til Heiberg-slekta.

Uvisst opphav

Opphavet hans er ukjend, og det har vore påstått at brørne var frå Jylland og kom til Noreg som forvaltarar for godset til danske adelsmenn. Hans Heiberg meiner dette ikkje kan stemme og at slekta hadde vore lenge i Sogn før Anders og Søren.

Fut i Luster

Det var truleg denne Anders Lauritssen som i eit kongebrev 1604 fekk garden Frøsanger. Han vert her nemnt som fullmektig for Apostelgodset i Noreg.

I skattelista for Luster 1603 er ikkje Anders sjølv oppført som skattytar, men ein "Erik som thiener Anders Lauritzsøn". Heiberg meiner det tyder på at Anders enno ikkje budde i Luster medan Kvitrud meiner det tyder på at han alt var fut frå kring 1600 og friteken for skatt.

Den fyrste kjende futerekneskapen etter Anders Lauritssen er jordeboka for Dale prestegjeld (Luster) for 1615-1616. Dale len vart i 1614 lagd under Bergenhus etter å ha vore eit eige len sidan 1565, og lensherren på Bergenhus fekk ordre om å avleggje rekneskap. Det var Anders Lauritssen som sette opp den fyrste jordeboka, og det tyder på at han hadde vore fut for Luster også før lenet vart rekneskapslen.

Anders Lauritssen har signert rekneskapane for Dale prestegjeld fram til rekneskapsåret 1625-1626. Frå 1619-20 til 1625-26 avla han òg rekneskap for godset etter den avsette futen Gjøde Pedersen (1611), ei oppgåve som tidlegare låg til futen for Sogn.

Stor jordeigar

Sjølv budde Anders Lauritssen og huslyden på garden Fuhr i Dale sokn i Luster.

Han bygde seg opp eit stort jordegods i Sogn. I 1612 hadde han gardar og gardpartar på drygt ein halv laup smør, i 1612 12 laupar, i 1623 80 laupar og då han døydde kring 1630 oppunder 120 laupar. Han har såleis vore mellom dei rikaste mennene i Sogn på denne tida. Det finst ingen opplysningar eller tradisjonar om at han har tileigna seg jordegods urettmessig slik det finst for fleire andre futar.

Giftarmål

Anders Lauritssen må ha vore gift to gonger. Den fyrste kona er ukjend, den andre var Maren Trudesdotter.

Anders levde enno i 1628, men døydde seinast i 1630. Ei minnetavle (epitafium) etter Anders Lauritssen i Dale kyrkje er datert 1630. Måleriet førestiller Anders Lauritssen sjølv med kone og 10 born.

Etter at Anders døydde, flytte kona til Lavoll der ho budde til ho døydde mellom april 1653 og mai 1654. Lensmannen i Luster, Christen Nilsen, hadde Fuhr frå 1638.

Futeslekt - Heiberg-slekta

Attåt broren Søren Lauritssen hadde Anders Lauritssen to søner og to svigersøner som vart futar. Tre av dei vart futar i Sogn og ein på Voss.

Broren Søren Lauritssen var gift to gonger, og borna frå det fyrste ekteskapet med Maren Gjertsdatter tok namnet Heiberg.

Anders Lauritssen hadde 11 born, dei aller fleste truleg med Maren:

  • Hans Anderssen, forvaltar over Lysekloster gods
  • Christen Anderssen (ca 1590-ca 1634), som etterfølgde faren som fut i Sogn 1626-1633
  • Anna Andersdatter, gift med gardbrukar Herman Erikson Hauge i Luster
  • Bente Andersdatter (fødd ca 1615, død ung) ugift
  • Sara Andersdatter (ca 1617-1692), gift med Peder Nilsson Hjermann, borgar i Bergen
  • Berette Andersdatter (død ca 1655), gift (1) med Nils Nilsson Hjermann, (2) med Christopher Gjertsen Morgenstierne, fut i Indre Sogn 1648-1679
  • Søren Anderssen, jordegodseigar i Luster
  • Laurits Anderssen (død før 1641), fut på Voss
  • Sissel Andersdatter, gift med Endre Nilsson Rebni, gardbrukar i Luster
  • Mette Andersdatter, gift (1) med Henrik Nitter på Tandla i Luster, (2) Peder Paasche, fut i Sogn 1629-1633
  • Ei dotter død som barn

Kjelder og litteratur