Anders Olson

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Olson (døypt 20. januar 1747 i Jostedalen, død i Aurland 9. juli 1802) var frå garden Åsen i Jostedalen. Han skal ha vorte klokkar i Jostedalen kring 1776 etter far sin Ole Anderson Åsen. Han hadde truleg klokkarposten til 1781 då bror hans Lars Olson Bjørk tok over.

Frå 1774 til 1777 skal Anders Olson ha vore paktar på Jostedal prestegard før han vart innerst på Ormberg. I 1781 flytte han så til Aurland der han òg var lærar og klokkar. Her busette han seg på garden Gjerlaug (Gjerløv) der han budde resten av levetida.

Vi finn han på Gjerlaug i folketeljinga 1801. Han budde der saman med kona Kari Andersdotter (f. omkr. 1744), sonen Ole og dottera Martha.

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
  • Anders Olsen i folketeljinga 1801 for Aurland prestegjeld frå Digitalarkivet

Eksterne lenker



Forgjengar:
 Ole Anderson Åsen 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Lars Olson Bjørk