Anstein Nes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anstein Nes (født 1905, død 1972) budde på Nes Øvre i Nissedal der han var bonde. Han skreiv dagbok samanhengande i 25 år - frå 1945 til 1970.

Familie

Anstein Nes var eldste son til Tarjei Nes og Åshild, født Åkre. Han hadde seks sysken; Lovise (f. 1906), Steinar (f. 1908), Borghild (f. 1910), Jon (f. 1915), Aslaug (f. 1918) og Olav (f. 1921). Anstein budde heile livet på Nes, og gifta seg aldri. Han overtok garden saman med bror sin Steinar.

Dagboka

Anstein byrja å skrive dagbok alt som 17-åring den 11. januar 1922. "Eg vil no byrgja med å skriva, og eg vil skriva så godt det let seg gjera, likeeins vil eg freista å skriva sant. Eg vil vona at eg kan halda på frametter åri med å skriva ned det viktigaste som hender meg, og anna". Fram til 1937 skreiv han berre sporadisk.

Frå 1945 vart dagbokskrivinga meir systematisk, då han skreiv heilt fram til slutten av oktober 1970. Dagboksmaterialet strekker seg over 64 protokollar. Han skriv mykje om arbeidet på garden og dagleglivet i bygda, men han reflekterer også over ting som hender i landet og verda elles. Hans kristne livssyn kjem ofte fram. I ein lengre periode hadde han tuberkulose, og då fortel han mykje om sjukdomsbehandlinga. Bøkene inneheld også mykje omtale av skyldfolk og bygdefolk i Nissedal.

Arkiv

Dagbøkene etter Anstein Nes er ordna ved Vest-Telemark Museum.

Kjelder

Anstein Nes i Historisk befolkningsregister