Arne Austrheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne Austrheim (fødd 3. november 1877 i Høyanger, død same stad 8. mars 1943) var lærar. Foreldra var Lars og Kari Austrheim, og han kom frå Ortnevik i dåverande Kyrkjebø kommune.

Austrheim tok lærareksamen 1898, og var ei kort tid lærar i Jostedalen. I 1900 finn me han som mellombels losjerande hjå lensmann Hermund Tvedt i Jostedalen, og i 1901 var han med på det fyrste vedtaket i skulestyret som opna for lærebøker på nynorsk i skulen i Jostedalen (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen.)

Deretter var han lærar på Sylvarnes i Vik i Sogn ca. 1901-1917 og i Ortnevik og Strendene, no Høyanger frå 1917.

Han var songleiar i 33 år og var mykje med i ungdomsarbeid. Han skipa ungdomslaget Liv på Sylvarnes i 1902 og skipa opp att Ortnevik Ungdomslag i 1918. Ei tid sat han i kommunestyret for Bondepartiet.

Han var gift med Gjertrud f. Ramsli (1876-1953) og fekk sju born med henne.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker