Asbjørn Loland AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Asbjørn Loland AS er ei gullsmedforretning i Sykkylven. Verksemda, som vart etablert av Asbjørn Loland i 1954, sel også klokker og ymse gåveartiklar. Ei tid selde forretninga også instrument, som gitarar og keyboard.

Asbjørn Loland var tredje generasjon urmakar. Bestefar hans, Bernhard Emil Loland, flytte ved det førre hundreårsskiftet frå Bergen til Ålesund og starta urmakarforretning der. Sonen, Hans Andreas Widerøe Loland, dreiv verksemda vidare, og det var her Asbjørn lærte faget. I tillegg tok han utdanning i Danmark ved Den Danske Optikerskole. Han arbeidde også i ein kombinert urmakar-, optikar- og gullsmedverkstad i Danmark. Etter at han hadde gått opp til prøve og fått gullsmedløyve i 1960, vart også gullsmedvarer ein del av driftsgrunnlaget for forretninga i Sykkylven, ved sida av urmakar- og optikardelen.

Tre avdelingar

Forretninga flytte i 1955 til større lokale i Pihl-bygget i Aure sentrum. På gateplanet var her to forretningar frå før; "Pihl-Oddlaug" Aure si daglegvareforretning og ei forretning med stoff, klede og strikkevarer. Asbjørn Loland fekk i byrjinga tildelt ein liten del av lokalet som stofforretninga disponerte, men han fekk snart overta heile forretningslokalet. Eldstesonen til Asbjørn, Arne, var ikkje gamle karen då han byrja å hjelpe til i forretninga. Han minnest at det ikkje var toalett i denne delen av bygget, og når dei hadde nødvendige ærend, var det å låse døra og springe ned på kaia der det den gongen var eit offentleg toalett. Den tida hadde forretningane på Aure «siesta» midt på dagen, frå 12 til 13, og opningstida var 9-12 og 13-17. Arne fortel at han var 13-14 år før foreldra var komne såpass ovanpå at dei kunne ta ferie og reise vekk.

Det var eit stort framsteg då dei kunne flytte over i eige bygg i 1982. Her fekk dei disponere 180 kvadratmeter som gav god plass til både uravdeling, gullsmedavdeling og optikaravdeling.

Framleis ur, sølv og gull

I 1979 vart firmaet gjort om til eit aksjeselskap og namnet vart endra til Asbjørn Loland AS. I 1981 kom sonen Vidar Loland med i firmaet. Det same gjorde kona hans, Peggy. Vidar hadde då fullført urmakarutdanning i Oslo, medan Peggy var utdanna gullsmed. Vidar Loland vart då urmakar i fjerde generasjon. Forretninga hadde ei god utvikling gjennom 80- og 90-åra. Mange andre butikkar i Aure sentrum kom og gjekk, Asbjørn Loland AS bestod. Og dei fleste sykkylvingar var gjennom året innom forretninga, for dei aller fleste har ei klokke, og uansett kvalitet, klokker må med visse mellomrom sjåast etter. Forretninga har også vore ein mykje nytta smykke- og gåvebutikk med jamn omsetnad heile året, men med ein topp i tida før jul. Det er mange sykkylvingar som her har blitt hjelpt med sine gåveproblem i timane før stengetid julaftan.

Vidar og Peggy tok over ansvaret for forretninga etter at Asbjørn trekte seg ut. Det var også Vidar som førte musikkinstrument inn i vareutvalet i 90-åra. Dette viste seg å gje lita lønnsemd, så denne delen vart snart avvikla. Etter at Vidar Loland flytte frå bygda i 2003, tok Peggy (f. Emdal) over ansvaret åleine. Med hennar bakgrunn som gullsmed var det naturleg at forretninga satsa mykje på smykker og gåveartiklar. Dei førte vanlege gullsmedvarer, sølvbestikk og bunadssølv, i tillegg til varer frå norske smykkeprodusentar. Dei graverte og tok ein del enkle reparasjonar på butikken sjølve. Dei heldt også fram med å selje klokker. Større smykkereparasjonar og urreparasjonar vart utførte av andre verkstader.

Presisjonsarbeid

Verksemda som Asbjørn Loland la grunnen for i 1954 viste seg livskraftig. I 2014 var her fire stillingar, ei fulltidsstilling for dagleg leiar Peggy Emdal og tre deltidsstillingar. Forretninga hadde evna til å omstille seg og tilby varer som sykkylvingane hadde behov for. Då Sykkylvsbladet intervjua Asbjørn Loland i samband med 40-års-markeringa i 1994, vart han spurt om kva som skulle til for å bli ein god urmakar. Han svara: «Viktige eigenskapar er tolmod, nøyaktigheit og så må ein vere fingernem. Det nyttar ikkje med ti tommeltottar i denne bransjen. Det gjeld anten ein skal gå inn i dei gamle urverka eller om ein skal gripe inn i dei avanserte elektronikk-klokkene som det vert seld mest av i dag.»

Kjelde:

  • Bedriftsomtale i Sykkylvsbladet 6.5.2014 og i Nyss 21.2.2024.