Asbjørnskoia

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Asbjørnskoia
Foto: Arnfinn Kjelland (2017).

Asbjørnskoia er eit herbør som ligg i Asbjørnsdalen i Lesja kommune. Det har etter tradisjonen «vore tilhaldsstad for reinsjegrar gjennom alle tider» (Mølmen). Den kjente jegeren Johan Alnes heldt mykje til her. I boka om Jakt og fangst i Lesja gir Øystein Mølmen att ei morosam historie om eit møte mellom Alnes og ein lokal jeger, Jonas K. Enstad i Asbjørnskoia:

Det var dagen føre jakta i 1920. Eg gjekk ein tur inn i Asbjørnsdalen for å leggje meg til i 'Asbjørnskoia'. Da eg var kome innover dalen, fekk eg sjå ein underleg framtoning innunder Herrahøe. Eg tok fram kikkerten og såg at det var ein menneskeskapnad − aldeles nedlesst med utstyr av alle slag. Rundt på alle kantar hang det blekk-koppar, spann og pappesker. I kvar av hendene bar han to store, blanke mjølkespann. Han hadde kurs for 'Asbjørnskoia', og eg skjønte det måtte vere Johan Alnes. − Vi kom fram til bua samtidig. Johan var i strålande humør og meinte det var god plass til oss båe.

Før vi skulle leggje oss, ville Johan ha kveldsmat − og det vart ei oppdekking som minte om ein kolonialbutikk. Alt innhald frå spann, posar og esker vart lagt utover. Det var spekemat av alle slag, kaku, flattbrød, pultost, gammalost, og ikkje å forgløyme eit spann med mjølk og eit med rømme. Måltidet hans er det vanskeleg å ha ord for, han la innpå av alle slag. Det einaste målbare var rømmespannet, som tok tre liter, og det var tomt da han var ferdig. Da la han seg og med ein gong, og dei neste timane gløymer eg aldri. − All maten skulle naturlegvis fordøyast, og det dura og skrall heile natta, og med ein ubeskriveleg stank. Hadde eg ikkje fått snudd meg slik at hovudet kom ut i døropninga hadde eg ikkje halde ut der inne.

Dette bør vel kallast ei reinsjegarhistorie...

Litteratur

Koordinater: 62.16595° N 8.11742° Ø