Aslaksborgvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Aslaksborgvegen sett vestover frå Nesoddvegen.
Foto: Roy Olsen (2018).

AslaksborgvegenNes i Sauherad i Midt-Telemark kommune går sørover frå Nesoddvegen til snuplass på Aslaksborg ved Gvarv-elvas utløp i Norsjø.

Namnet har vegen fått etter brygga Aslaksborg som låg her tidlegare. Han er om lag 1,8 km lang og går gjennom jordbrukslandskap med noko skog.

Aslaksborg brygge fekk namn etter den fyrste kapteinen på Norsjøbåtane, Aslaksen. Brygga låg rett ned for Nordre Vestgarden (gnr. 170/1) og er kjend frå tida det var stor båtferdsle på Norsjø. Her var utgangspunkt for hesteskyssen oppover bygdene i Telemark. Da båtferdsla enda her, var det gjestgjevarstad med overnatting på Vestgarden. Brygga blei nytta frå den tida båttrafikken tok til og heilt til det blei sprengt veg ved Jutulfua ved Årnes, slik at Årnes brygge kunne byggast. Ved Aslaksborg var det og utslagsplassar for tømmer.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad, band III, Sauherad kommune 1985.


Koordinater: 59.38282° N 9.20979° Ø