Aure Auto Senter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure Auto Senter AS var ein bensinstasjon og bilverkstad i Sykkylven. Det var Norsk Brændselolje AS som bygde eit serviceanlegg på Klokkehaugen i 1954. I 1965 vart det bygd ny stasjon på staden. Bygget var i to høgder med reparasjonsverkstad i underetasjen. I øvste etasje var det kontor, ekspedisjons- og utstillingslokale, i tillegg servicehallar for vask og smøring. Første tida vart det drive under firmanamnet BP-stasjonen Klokkehaug som bensinstasjon og autorisert bilverksted av Lars Frøysa og Rolf Melseth. Rolf Melseth gjekk ut av firmaet i 1969, og Lars Frøysa dreiv åleine til 1971. Då overtok Anders Hauge og Harald Bratli, og skifte firmanamnet til BP-centeret. Drifta vart som før.

Norol (Norsk Olje AS) overtok Norsk Brændselolje AS i 1976, og firmanamnet på stasjonen vart frå då av Aure Auto Senter. Frå 1982 var firmaet aksjeselskap med Harald Bratli som dagleg leiar.

Aure Auto Senter AS hadde omkring 1980 seks fast tilsette, dessutan noko deltidshjelp.

I 1989 kjøpte Gunnar Vaaler bensinstasjonen og gav han namnet Autosenteret Sykkylven. I midten av 1990-åra gjekk stasjonen over til å bli Statoilstasjon. Her var det også sal av diverse varmrettar og nokre kolonialvarer i tillegg til vanlege bilrekvisita. Det var mange som nytta dette tilbodet til å få ferske matvarer, til dømes etter daglegvareforretningane sine stengetider eller helgedagane.

Statoilstasjonen på Klokkehaugen vart avvikla i 2012. Statoil flytte bensinstasjonen til den tidlegare Esso-stasjonen på Vik.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.
  • Sunnmørsposten 29.5.1965.
  • Informasjonar frå Gunnar Vaaler, Sykkylven, 2014.