Aure Trelast

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure Trelast AS var ei byggevareforretning i Sykkylven som leverte trelast, alle slags byggevarer og ferdighus. Firmaet vart skipa i 1971 av Anton Aure og heldt då til i små lokale. Men i 1976 vart eit større tilbygg oppført, og i åra etter auka omsetninga mykje. Stadig fleire produkt vart tekne inn i vareutvalet. Forretninga heldt til ved Storhallen på Aure, der det var lager på 1000 m2, dessutan kontor og utstillingslokale på 100 m2.

I tillegg til at Aure Trelast A/S prosjekterte og planla bygg sjølve, hadde firmaet ein samarbeidsavtale med eit arkitektfirma, som utarbeidde hustyper og leverte teikningar til lokale forhandlarar over heile landet. Kring 1980 produserte og leverte Aure Trelast AS mange slike hus i Sykkylven og på Stranda. På den måten var firmaet med på å ta att ein marknad som ei tid var dominert av utanbygds ferdighusprodusentar.

I 1982 hadde firmaet fire tilsette, og Lidvard Aure var dagleg leiar. I 1983 vart Aure Trelast avvikla.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1982.