Aure historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure historielag i Aure kommuneNordmøre vart grunnlagt 27. mai 1993. Historielaget har gjeve ut årbøker sidan 1995. Den første heitte Krigsminneshefte 1995; frå 1996 til 2007 heitte årbøkene «Tu Aurgjelda»; og sidan 2008 har namnet vore Aure Historielag : årbok. I tillegg til hovudlaget er historielaget engasjert i Kjerkbåtlaget Fjordamerra, Melland Forts Venner og Kråksundet sjøbruksmuseum. Laget «har som formål å styrke interesse og forståing for tidlegare tiders liv og levekår, med særleg vekt på lokal historie og kultur».

Pr. 2017 har laget 150 betalande medlemmer.

Leiarar

  • 1993-94: Magne Ferstad
  • 1995-97: Reidar Lie
  • 1998-99: Bjørnar Torset
  • 2000-01: Ole Henriksø
  • 2002-05: Tor Pettersen
  • 2006-19: Magne Vaag

Blant dei andre viktige personane i historielaget er: Gudbjørg Melland, Olav Eines, Tor Pettersen, Reidar Lie, Magne Ferstad, Harald Kalland, Anders S. Todal, Liv Klaksvik, Gerd Bergfall, Unni Elden Todal og Hallvard Djupvik.

Hovudaktivitetar

Dagleg drift i form av styremøte, 3-4 årlege arrangement der temaet har vore lokal kultur. Siden 2003 har laget årleg skipa til Kulturminnedagar.

2005 fekk laget ein gåve etter NRK-reporter og journalist Erling Magne Taftø. Denne inneheldt om lag 800 lysbilde, fleire fotoalbum og 90 lydband med innslag som Taftø laga for radio. Det vart fleire populære «gjenkjennelseskveldar» med Taftø sitt lokalhistoriske materiell som tema.

Jubileumsåret 2005 vart òg markert med gudsteneste i 1905-preg. Dagen opna med hornmusikk frå kyrkjetårnet etterfulgd av eit historisk tablå som viste korleis det arta seg da aurgjeldingane stemte om republikk eller kongedømme i Aure kyrkje.

I 2007 var det registrering av i alt 31 bede-, ungdoms- og andre forsamlingshus i Aure. Resultatet vart ei utstilling av data og foto montert på plansjar.

I september 2009 drog en konvoi på safari frå naust til naust. Aure har spesielt godt bevarte svalgangsbrygger og svalgangsnaust. Byggemetoden er ei bu av lafta tømmer og svalgang av stavverk, noko som gjer naustet ekstra motstandsdyktig mot vêr og vind.

Året etter, 2010, gjekk turen frå seter til seter. Ein kortesje på 10-12 bilar besøkte sju av dei mange setervollane i Aure. Seterhusa blir vedlikeheldt. På Gressetsetra fortalte ei 90 år gammal dame om tida si som budeie her da ho var ungjente.

I 2012 opna laget den museale skulesamlinga i prestegardslånna. Her er det 4-mannspultar, kart, instrument, bøker, plansjar med meir. Læraren har også fått sitt tidsriktige krypinn.

I 2013 var det plakatutstilling, med 20-25 kvinner og menn i nærmiljøet som kanskje ikke har vore så kjende. Temaet var kvardagsfolket og kva dei har betydd.

2014 var året da laget begynte registrering av alle lag og organisasjonar i bygda. Kva har utvikla Aure-samfunnet? Pr. 2019 er 200 lag registerte, og arbeidet er på langt nær ferdig.

I 2016 fekk laget alt utstyret frå nedlagte postkontor, blant anna på Skogset. Utstyret omfattar fleire postskilt, postkassar, protokollar, div. merke og ymse stempel.

I 2017 var det eit minnearrangement med temaet «Gratangen i april 1940». Mange aurgjeldingar deltok i kampar under krigen, også i Gratangen.

Laget vart huseigarar i 2017, noko som førte til stor dugnadsaktivitet. Lager, møterom og leiligheit vart renovert. Utleigedelen skaffa laget litt inntekter.

I 2019 registrerte historielaget alle skulane i Aure, frå den første fastskolen vart teken i bruk i 1880 og fram til i dag. 43 skular vart presenterte på plakatar. Styret skal ta stilling til om skuleprosjektet skal samlast i ei bok.

Publikasjonar

  • I perioden 1996-2007 kom lagets årbok, TU AURGJELDA ut. Etter kommunesammenslåinga med Tustna i 2007 vart namnet endra til Årbok .... Aure Historielag. Alle medlemmene får årboka før jul.
  • I 1995 vart det utgitt eit minneskrift for Aure og Stemshaug, om krigen 1940–1945.
  • Laget har dessutan gitt ut kalendrar med lokale, kulturelle tema.

Kjelder

  • Aure historielag si nettside (død lenke pr. 2020).
  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Lenkjer