B.S. Aure AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

B.S. Aure er den eldste forretninga i Sykkylven. Ho har vore samanhengande i drift sidan 1870. I dag har forretninga tre avdelingar, ein for jarnvare, ein for målingsartiklar og ein for sportsutstyr. Lenge dreiv firmaet også matvareavdeling og hotell.

Grunnleggjaren av firmaet var Sevrin Karlsen Tynes, som i slutten av 1860-åra flytte til Aure og busette seg i den såkalla Prestestova. Han var skreddar og spelemann, men byrja og så smått som handelsmann i 1870. Dette vert rekna som grunnleggingsåret til firmaet. Sevrin Karlsen Aure, som han kom til å kalle seg, dreiv handel fleire stader på Aure, m.a. på Bryggjebakken i 1880-åra, då dei bygde kyrkja.

Landhandel og hotell

Då dampskipsferdsla kom skikkeleg i gang, vart det klårt at sentrum i bygda kom til å bli Hau-bukta, og at handelen måtte flyttast dit. I 1885 kjøpte han difor pakkhuset til Petter O. Eidem, og byrja med handel der. Samstundes fekk han ekspedisjonsretten til dampbåten. Men der var ein konkurrent, nemleg Martin Vik, som dreiv handel i den store låna i Hau-bukta, og denne låg laglegare til for ferdselen. Sevrin Aure opna difor eit utsal oppe ved hovudvegen, i det noverande Skotte-huset. Karen Lyshol, svigerinna til Sevrin Aure, styrde dette utsalet.

I 1894 vart det bygd kai på Aure, og beste staden for å drive handel var sjølvsagt så nær kaia som råd. Sevrin Aure kjøpte difor grunn der og sette opp eit stort hus som inneheldt både landhandel, bakeri, hotell og husvære. Dette huset stod til Aurebrannen i 1939.

Fleire bygg

I 1902 overtok andre ættled leiinga i firmaet. Det var Bastian Severinsen Aure, nesteldste sonen. Han dreiv mykje i same sporet som faren, men kom og til å byggje firmaet vidare ut. M.a. var han forsikringsagent, han tok opp sal av støypegods, og var agent for mjøl. Då det i 1920-åra vart bruk for bensin, fekk han oppsett den første bensinpumpa i Sykkylven.

Den tredje ættleden, Selmer Aure, hadde god røynsle frå ymse slag forretningsdrift då han gjekk inn i firmaet i 1932. Frå då av hadde det namnet B. S. Aure & Søn. Slutten av 1930-åra var bra tider for handelen, men så kom stor-brannen i 1939 og øydela alt som var oppbygt. Huset til B. S. Aure & Søn var heldigvis bra trygda, og berre to dagar etter brannen kom dei i gang att med handel i ei provisorisk brakke. Mest like fort kom dei i gang med planar om nytt forretnings- og bustadhus, og det var det første som vart atterreist på Aure.

Etter krigen har det vore fleire utvidingar og påbygg, slik at heile tomta no er utbygd i full høgd. Dessutan kjøpte firmaet bygninga til Klocks Lenestolfabrikk og det bygget som Sykkylven Handelslag brukte tidlegare.

Landsomfattande kjeder

Dei første tiåra var B.S. Aure ein assortert landhandel. Utover i 1960-åra såg firmaet verdien i spesialisert drift med eigne avdelingar for dei einskilde varegruppene, og det var skilt ut fire spesialavdelingar: daglegvare, kjøkkenutstyr/gåver, sport/fritid og jernvarer. Total salsflate var i 1982 900 m2, og 15 personar var då tilsette.

Firmaet B. S. Aure & Søn vart i 1968 omskipa til familieaksjeselskap med namnet B. S. Aure A/S, og med brørne Bjørn og Svein Aure som ansvarlege for drifta. Svein Aure hadde i mange år ansvaret for sports- og daglegevarehandelen, medan Bjørn Aure tok seg av jarnvare- og gåveavdelinga. Etter ei tid la dei ned daglegvareforretninga og flytte sportsavdelinga til Severin Bakke sitt bygg i Strandgata.

Dei siste åra har også B.S.Aure vore tilknytta landsomfattande kjeder. Jarnvare- og kjøkkenavdelinga er knytta til Jernia-kjeden, medan sportsavdelinga er ein del av Intersport-kjeda. I 2015 er Erling Eliassen leiar av jernvaredelen, medan Eva Arntzen er driftsansvarleg i sportsavdelinga.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.