Beball

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Beball eller bedarball var nemninga på ein fest halden for og av tenestfolket på gardane i Vårdalen i Lom ein laurdagskveld ein gong kvar haust og ein gong om våren. Når det var beball på Nørdre Brimi bad bodsmannen tenestefolket på grannegardane og sjølvefolket på alle bruka i Vårdalen, fortalde Hans W. Brimi.

Det var tenestfolket som spleisa på mat, kaffe og musikk, og kvar enkelt tok med det brennevinet «han meinte høvde for kvelden, og så vart det fest til klokka i roa viste at det var på tide å gå i fjoset og gjera morgonstellet».

Kjelde

  • Møller, Arvid 1997: Den vare tonen – meisterspelemannen Hans W. Brimi. Snøhetta forlag a.s. s. 38.