Belglii 24 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 24
Utskilt: 1988
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 480
Type: Bustadseigedom

Belglii 24 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Tomta til denne heimen vart frådela og matrikulert for Sven Are Svendsen i 1988. Han og kona bygde huset sitt og flutte inn her same året.

Sven Are Svendsen er son åt Leif Hjalmar Svendsen og fyrste kona, Brita Dahle. (Sjå Blesterkroken 5, bnr 349.)

Sven Are Svendsen, f 1962

g 1989 m Bjørg Vatnestrøm, f 1966, born:
  • Inger Helene, f 1991
  • Liv Irene, f 1993

Bjørg er frå Vatnestrøm i Iveland, og dotter åt Anne Hjørdis og Olav Andreas Iveland. Ho arbeider som kunderådgjevar i Sparebanken Sør på Hovden. Sven Are driv installasjonsfirmaet Hovden Elektro A/S.


0941 Bykle komm.png Belglii 24 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 23 • Neste bolk: Belglii 25

Koordinater: 59.55987° N 7.3617° Ø