Belglii 25 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 25
Utskilt: 1986
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 482
Type: Bustadseigedom

Belglii 25 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dei som bur her bygde huset sitt i 1987.

Astrid Steensby 2005. Bilete frå Setesdølen.
  • Erling Dåsvatn, f 1955
g m Astrid Steensby, f 1948. Born:
  • Andreas, f 1980, bed.øk, busett Oslo
  • Jenny, f 1985, p.t. (januar 2005) busett Paris

Erling er frå Hornnes, og son åt Helga og Åsulv Dåsvatn. Astrid er frå Ski, og dotter åt Laila og Harald Steensby. Astrid og Erling kom til Hovden i 1980 for å drive Hovdehytta, noko dei heldt på med til 1987. Sidan dreiv Erling restaurant BlesterhusetHovden Appartementshotell, og dinest Loptet Restaurant (over Triangel Sportell). Frå 1992 overtok han Bamse gatekjøkken, og i 1993 bygde han Restaurant Vertshuset i fyrste høgda i huset åt Kjetil Uleberg i Hovden sentrum. Båe desse verksemdene vart etter ei tid overdregne til andre, og Vertshuset heiter nå XO. I 1996 skipa Erling firmaet Furumo Hovden A/S saman med Johan Henriksen, og dette firmaet har sidan drive Furumo kafe (bnr 51), som då vart opna som serveringsstad på ny etter at lokalet hadde vore nytta til sportsforretning i 10 år. Firmaet driv også dotterselskapet Hovden Rengjøring.

Astrid har hatt administrativt arbeid i turistnæringa på Hovden og i Bykle kommune. For tida (2006) er ho sekretær i kommunen.


0941 Bykle komm.png Belglii 25 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 24 • Neste bolk: Belglii 26

Koordinater: 59.55999° N 7.36089° Ø