Belglii 53-55 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Belglii 53-55
Utskilt: 1993
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 539 og 567
Type: Bustadseigedom

Belglii 53-55 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette er ein tomannsbustad som vart bygd i 1993. Dei som bygde var Maria Moen som bur i nr 53 og Anne Kari Nilssen, som bur i nr 55. Sistnemnde kjem me straks til, medan Maria Moen vert presentert fyrst:

Maria Moen, f 1965

g hv m Tom Moen, Arendal. Born:
  • Thomas, f 1983

Maria er dotter åt Laila Egeland i Blesterkroken 1, bnr 351. Ho budde i Arendal medan ho var gift, men flutte heimatt til Hovden i 1986. I yrkeslivet arbeider ho i Hovden Badeland.

I den andre halvparten av tomannsbustaden kjem me til ovannemnde Anne Kari Nilssen. Ho har gift seg, og fått nytt etternamn, etter at ho bygde.

Anne Kari Nilssen Solheim, f 1964

g m Harald Solheim, f 1960. Born:
  • Maria Hengshan, f 2000
  • Arne Mathias, f 2003

Anne Kari er frå Mandal, og dotter åt Klara og Arne Nilssen. Ho arbeider som førskulelærar. Harald Solheim er frå Tveiten i Haukeli, og son åt Valborg og Arne Solheim. Han er anleggsarbeidar av yrke. Dottera Maria Hengshan er adoptert frå Kina.


0941 Bykle komm.png Belglii 53-55 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Belglii 51 • Neste bolk: Belglii 57

Koordinater: 59.5588° N 7.36459° Ø