Berg (Bykle gnr 15/12)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berg
Gjerden 37.jpg
Berg 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Fyrst nemnd: 1926
Rydda: 1926
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 11
Type: Småbruk

Berg, som ligg heilt i austkanten av Gjerden i Bykle, vart utskilt frå Sarv, bnr 11, i 1926. Det var Knut A. Byklum som kaupte denne parsellen til eit småbruk for seg. Seljaren var Svein O. Rygnestad i Utistog, som hadde kaupt Sarv frå Der inne nokre år tidlegare.

Knut var yngste son åt Arne Knutsson Byklum i Lii, gnr 14, bnr 3, og kona, Margit Olavsdotter, fødd Stavenes. Etter at han overtok bruket her og flutte hit, nytta han bruksnamnet til etternamn.

  • Knut Arnesson Berg, f 1896, d 1969
g 1. 1921 m Ingebjørg Olavsdtr. Hoslemo, f 1882, d 1922, ikkje born.
g 2. 1934 m Margit Knutsdtr. Stavenes. Born:
  • Knut, f 1935, d. 1939.
  • Arne, f 1938, ug, busett i Oslo.

Ingebjørg, fyrste kona åt Knut, var frå Nigard Hoslemo, dotter åt Olav Tallaksson på det bruket og kona, Sigrid Gjermundsdotter, fødd Byklum. Ingebjørg døydde i barselseng med sin fyrstefødde, ho og Knut budde då i Hoslemo.

Knut var såleis enkemann då han kaupte Berg og sette opp hus for seg her. I 1928 fekk hadde han uthusbygningen under tak, og året etter var stoga hans klar til innflytjing. I 1934 gifte han seg omatt. Margit Knutsdotter, andre kona, var frå Nordstog Stavenes, og dotter åt Knut Knutsson Stavenes på det bruket, og kona Hæge Knutsdotter, fødd Trydal.

I 1951 vart huset utvida og modernisert. Etter ombyggjinga har dei ei grunnflate på 96 m² i 1 1/2 høgde. Knut og Margit dreiv etter dette ungdomsherberge så lenge Knut livde.

Kring 1960 selde Knut tomta Bergly, bnr 97, til den danske bakaren Walther Langtved. Tomta vart ikkje matrikulert fyrr mange år seinare, og salet vart ikkje tinglyst, og det er difor vanskeleg å tidfeste det nøyaktig.

I 1974 overtok sonen, Arne, som bur i Oslo, heimelen til bruket. Han har stelt opp stoga, og selt ei tomt, bnr 54, Otratun, som gjekk til I/S Øvre Otra i 1976.

Etter det me får oppgjeve er eigedomen på ca 20 mål.


0941 Bykle komm.png Berg (Bykle gnr 15/12) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lii i Jåro • Neste bolk: (Øvre) Åsen