Bergland (Bykle gnr 2/18)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergland
Utskilt: 1952
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 18
Type: Bustadseigedom
Halvor O. Breive var ein ivrig jeger. Her er han og tre kameratar rusta til jakttur. Frå venstre: Gunnar H. Brokke, Halvor O. Breive, Hallvard H. Brokke, Olav H. Brokke. Frå Setesdalsmuseet.
Foto: Knut Jonsson Heddi

Bergland var ein bustadeigedom i Hovden sentrum, like attanfor Fjellgardstun. Det var Hallvor Olsson Breive som sette seg opp ei stoge her i 1951. Tomta vart formelt utskilt frå bnr 2 året etter. Halvor vart oppskriven som arbeidar då han døydde, og har vel då drive med slikt arbeid som var å få. Men i yngre år veit me at han dreiv som skinnhandlar og kreturhandlar og var partner i selskapet A/S Stavenes, Breive & Co i Kyrkjebygdi (sjå Solbakken, Byklum). Han var også sterkt engasjert i tamreindrifta, og leiar for Byklehei Reinsamlag A/S frå 1945 til 1954. Han var frå Breive Der uppe, og son åt Olav Alvsson på det bruket og kona Åshild Hallvardsdotter.

Hallvor Olsson Breive, f 1884, d 1963, ug

Vidare var det ein annan gamal arbeidsmann som budde her. Han hadde vore her i lag med Halvor i mange år, og Halvor hadde gjeve han rett til å sitje i huset livet ut.

Johan Andersen (Myrmo), f 1890, d 1972, ug

Johan Andersen var frå Vefsn i Nordland og son åt Petrine og Anders Myrmo. Han drog heimanfrå som 15-åring for å reise på storsildfiske utanfor Mørekysten. Etter avslutta fiske sende han ei sildetunne heimatt til foreldra, men etter dette hadde han ikkje kontakt med korkje dei eller andre skyldfolk i Vefsn. Etter det me får fortalt var noko av grunnen til dette at han ville unngå militærteneste, og då tykte det var best at ingen kjentfolk visste kvar han var. Sidan farta han kringom i landet i ei årrekkje. Visstnok deltok han på Lofotfiske, eit bil var han gruvearbeidar i Kirkenes, og elles var han rallar på ymse anlegg, såleis m.a. under Rjukanutbyggjinga.

Sumaren 1932 kom han over fjellet til Bjåen og fekk seg arbeid, og vart sidan verande i bygda. Bakgrunnen for venskapen hans med Halvor O. Breive skal ha vore ei hending på Dalsmarken ein gong på 1950-talet. Halvor hadde då vore på handel, og fått i meste laget å drikke, og så hadde han sovna med den velfylte lommeboka si liggjande attmed seg på grasbakken. Johan tok vare på henne, og gav henne attende til Halvor då han vakna att. Halvor spurde då om han ville bu hjå han, og det ville han. At Johan hadde etternamnet Myrmo vart fyrst kjent då han døydde, medan han livde kalla han seg berre Andersen. Etter at han var død, var det ein brorson på Mosjøen som heiter Rolf Myrmo, som greidde å finne ut kvar farbroren hadde halde til, og kom til Hovden for å undersøkje tilhøva her. Også Rolf lika seg i bygda, og kom sidan i mange år attende kvar sumar.

Etter at Halvor O. Breive var borte, ervde brorsonen Knut K. Breive huset. Han flutte inn, og budde i lag med Johan Andersen. Knut vart verande her etter at Johan døydde, og så lenge han sjølv livde.

Knut Knutsson Breive, f 1906, d 1980

Knut hadde vore anleggsarbeidar. Han kom frå Flaten Breive, og var son åt Knut Olsson på det bruket og kona Birgit Bjørgulvsdotter, fødd Reini. Kven som overtok eigedomsretten her etter at Knut var borte, er me ikkje heilt sikre på, men reint logisk lyt det vel ha vore syskena hans eller borna deira. I alle høve ser me at Bykle kommune i 1995 overtok eigedomen og reiv huset.


0941 Bykle komm.png Bergland (Bykle gnr 2/18) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Moen • Neste bolk: Breiland (Flateland)

Koordinater: 59.5610108° N 7.3559709° Ø