Birkebo (Bykle gnr 15/92)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Birkebo
Gjerden 62m.jpg
Birkebo pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1983
Utskilt: 1982
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 92
Type: Bustadeigedom

Birkebo står på ei tomt i øvre kanten av Øvre Sarv i Bykle. Ho vart utskilt frå bnr 11 i 1982, då A/S Thor Furuholmen kaupte henne hjå Bykle kommune.

Dei som budde her det fyrste året var ein ingeniør Bergland og familien hans. I åra 1983 til 1985 var Vidar Domaas og huslyden hans her, men i det sistnemnde året flutte dei til Turbobnr 74. Sidan har dei bygt seg hus sjølve, og ein finn meir om dei i bolken om den verestaden, Skvåbekk, bnr 114.

Etter familien Domaas budde Tommy Bjønnes og Randi Steinsholt her. Desse vil ein finne nærare omtala i bolken om heimen deira i Stussli i Hovden, Belglii 23, gnr 2, bnr 453.

Dei neste til å bu her var familien Rømteland:

  • Jon Harald Rømteland, f 1952
g m Brita Eidenes, f 1955. Born:
  • Henrik, f 1980
  • Kristin, f 1982
  • Jostein, f 1988

Brita er frå Lofthus i Hardanger. Jon Harald er frå Steinsland i Sør-Audnedal, nåverande Lindesnes kommune. Han var ingeniør i Selmer/Furuholmen. Då dei reiste frå Bykle i 1986, hadde han fått ei stilling i heimekommunen.

Kort etter at Rømteland hadde flutt ut, flutte familien Dypedal inn.

  • Lars Bernt Dypedal, f 1956
g 1981 m Elin Moldsvor, f 1956. Born:
  • Kristian, f 1982, snikkar, busett Vennesla
  • Øystein, f 1984, p t (3003) under utd., Kristiansand
  • Ragnhild Eline, f 1987
  • Ingebjørg, f 1992

Lars er frå Randesund, og son åt Signe Lillian og Alf Kyrre Dypedal. Elin Moldsvor Dypedal er frå Isfjorden i Rauma, og dotter åt Selma og Ingvald Moldsvor.

Familien Dypedal kom til Bykle i 1986, og leigde huset her hjå entreprenørselskapet inntil dei kaupte det året etter. Lars Bernt arbeider som rådgjevar i likningsetaten, medan Elin er sjukepleiar på bygdeheimen.


0941 Bykle komm.png Birkebo (Bykle gnr 15/92) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myri • Neste bolk: Solvang