Blesterkroken 3 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Blesterkroken 3
Utskilt: 1978
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 350
Type: Bustadseigedom

Blesterkroken 3 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset på den nederste delen av Stusslifeltet vart oppført av Bykle kommune i 1980. Dei fyrste som budde her var familien Pedersen:

  • Per Olav Pedersen, f 1948
g hv m Sissel. Born:
  • Stine Marie, f 1983

Per Olav var den fyrste rektoren på Fjellgardane skule. Han er frå Porsgrunn, og flutte attende dit sumaren 1983. Eit par år seinare, frå 1985, kom Rune Portaasen, ein seinare rektor ved same skulen, og tok huset i bruk. Han og familien hans budde her nokre år, men har sidan hatt andre husvære. Frå 1995 bur dei i Belglii 30, bnr 439, og vert nærare presenterte der.

I 1998 overtok Per Øyvind og Mette Asbjørnsen, som budde her til 2005, då dei selde huset her, og flutte til den nybygde heimen sin i Jernvegen 27. Det står noko lite meir om dei i bolken om den verestaden. Kauparane i 2004 var:

  • Øyvind Baust og Marianne Bøye

Desse parfolka er frå Arendal, og kom saman til Hovden i 1993. Dei arbeider i Skibua ved Hovden Skisenter.


0941 Bykle komm.png Blesterkroken 3 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Blesterkroken 1 • Neste bolk: Blesterkroken 4

Koordinater: 59.55763° N 7.36342° Ø