Bruker:Olve Utne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
 Olve Utne 
Ved tidl. jakt «Johanna». Foto: Dena Utne
bibliografi • interesser • lenkjer • artiklar • galleri • ønskeliste •
diskusjon (2007 • 2008 • 2009 • 2010 • 2011 • 2012) • 2013)


Nli-logo-ff4500.png Denne brukeren er tilknyttet
Norsk lokalhistorisk institutt.


Same slavgga.png Denne brukeren jobber med
Samisk språk og kultur.



Logo Til Forbundet KYSTEN.jpg Denne brukeren er knyttet til prosjektet Tradisjonsbåtregisteret.


Olve Utne er Cand.philol. med musikkvitskap hovudfag frå Universitetet i Oslo og er engasjert som forskar ved NLI i samband med Lokalhistoriewiki.no-prosjektet. Fagområde i tillegg til musikk inkluderer leksikografi (ordbokslære) frå Universitetet i Oslo og lingvistikk (språkvitskap), fonetikk (språklydlære) og nordisk språk frå NTNU i Trondheim. Var gjestestudent ved lina for historiske instrument ved Koninklijk Conservatorium Brussel skuleåret 19971998 som flamsk statsstipendiat. Medlem av Nordisk nettverk for edisjonsfilologar. Deltok i klassen for pitesamisk feltarbeid ved vinterskulen i Saami Language Documentation and Revitalisation i Bodø i mars 2010.

Slekta kjem blant anna frå Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen, Hardanger, Nordfjord, Sunnmøre, Nordmøre, Orkdalen, Gauldalen, Stjørdalen, Salten og Vesterålen — og frå ymse andre plassar i inn- og utland om ein grev litt djupare. Er fødd i Flekkefjord, men vaks opp hovudsakleg på Nordmøre (Valsøyfjorden, Tustna, Kristiansund; har seinare arbeidd i Surnadal og på Tingvoll). I tillegg til studieplassane (sjå ovanfor) har eg budd på Sunnmøre (Ålesund), i Lofoten (Moskenes) og i Vesterålen (Sortland); og i tillegg fire år i USA (Florida, New York).

Storkjelken var grei å dra kornbanda på når det var føre til det...
Foto: Olve Utne

Var mykje på småbruket til besteforeldra mine da eg voks opp. Bestefar min var pensjonert kaptein frå militæret. Dei dreiv med sauer og litt potet osv. så vel som litt heimefiske med snøre og garn. Lærte ein del om tradisjonelle reiskapar og arbeidsmetodar frå dei så vel som naboane. I ein del år hadde eg ein havreåker som eg skar med sigd og tørka kornband av for å selje til fugleband/fuglenek på vinteren.

Andre roller